Dei fann meininga med livet i villmarka. Kanskje vi andre har noko å lære?

Og tror du det var ensomt å ferdes slik alene der skog og tundra sprer seg krevende og vill. Da feiler du min kjære, for det er blant mennesker at ensomhet blir til. Orda tilhøyrer den store oppdagaren, forskaren, friluftsmannen, arkeologen og forfattaren Helge Ingstad. I 1925 braut han opp frå ein innbringande advokatpraksis på … Les mer Dei fann meininga med livet i villmarka. Kanskje vi andre har noko å lære?

Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd

Skjermdump frå Sunndal Energi sitt webkamera på Nesøya. Eg går inn på webkameraet til Sunndal Energi, og ser at Sula, Gråfjellet og Bollknubben badar i sol under ein knallblå himmel. Med palmehelga like om hjørnet, er det eit syn eg kan like. Det er torsdag. I morgon går turen til Tæla igjen. Før marsjen opp … Les mer Ny påske på Tæla, og eit stort mål er nådd

Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Ei gammal høyløe. Ei til ligg litt skjult i skogen til venstre. Plutseleg var halvparten av opphaldet her på Røros unnagjort. I alle fall nesten. Laurdag klemte eg inn ein svipptur over riksgrensa mellom frokost og middag. Det vart ei flott utflukt i eit eventyrleg vinterlandskap. På tilbaketuren tok eg meg tid til å køyre … Les mer Eventyrleg oppussing (4): Ei høyløe, snart halvvegs og ymse anna

Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur

Frå gruvefeltet Storwartz. Programmet er ikkje strengare her på Unicare, enn at det blir tid til litt eigenaktivitet. Onsdag ettermiddag innvilga eg meg ein liten biltur. Den hadde to formål: For det første var det viktig å starte opp bilen, som ikkje er vand med temperaturar under 20 kuldegrader. Nedsnødd var den også. I tillegg … Les mer Eventyrleg oppussing (3): Friminutt i storslått natur

Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla

Som eit prospektkort. Den første veka av den eventyrlege oppussinga er allereie unnagjort. Det er stille søndag på Unicare Røros. Mange er heime på helgeperm. Vi som er her, disponerer tida som vi vil. Opprinneleg plan var å ta ein skitur denne søndagen. Men veret er ikkje det aller beste. Dessutan er det mykje sport … Les mer Eventyrleg oppussing (2): Helg i bobla

Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet

Eit nytt bekjentskap. Tredemølle, styrketrening og romaskin. Plutseleg vart det mykje nytt å forhalde seg til for eit gammalt hovud og ein ditto skrott. Den eventyrlege oppussinga på Unicare Røros er i gang. Om plassen er det ikkje anna å seie enn at dette er eit fantastisk anlegg. Institusjonspreget er fullstendig fråverande. Dei tilsette er … Les mer Eventyrleg oppussing (1): Inn i treningsrommet