Tid for undring


Vintersolverv med sitt fantastiske lys. Eidet i desember 2014.

Da eg var liten gutunge, hadde vi en arbeidskar som heitte Nils heime på garden. At han var keeper på fotballaget Framtid var no det eine. Berre det åleine kvalifiserte til heltestatus hos meg. Enda meir imponerande var det likevel at han hadde kontakt med julenissen. Det var til å bli mållaus av.

Nils dreiv med høykøyring i vekene før jul. Høyet henta han i ei løe, og transporten gjekk føre seg med hest og slede. Kvar gong Nils var inne til mat, fortalde han om nissen som budde i løa. Vi fekk utførlege skildringar av kva nissen gjorde, korleis han såg ut og kva han sa. For ein liten kar vart det i slike stunder vanskeleg å ikkje tru på julenissen.

Eg fekk sitje på med Nils til løa for å helse på nissen. Å halde i taumane var stas. Køyreturen gjennom vinterlandskapet var i seg sjølv eit eventyr. Ein liten gut, proppfull av juleforventningar, var nære ved å sjå syner på høglys dag. Men på tross av det: Nissen viste seg aldri. Da vi kom fram til løa var han alltid borte.

Det var eit mysterium. Nils forstod ikkje noko. Og småkaren skjønte enda mindre.

Men eg vart ikkje skuffa. Det låg likevel så uendeleg mykje spenning og rikdom i desse opplevingane. Kanskje har eg i dag, meir enn femti år seinare, overdrevne tankar om kor flott det var. Men det gjer ikkje noko. Nokre bilete er vel verd å ta vare på, sjølv om dei kanskje ikkje stemmer heilt med det som var verkelegheita.

Kva er så meininga med denne vesle førjulshistoria frå det tidlege sekstitalet? Poenget mitt ligg i undringa. Det er vel og bra å jakte på fasiten på alle dei store spørsmåla. Men når kan vi eigentleg vite at vi har funne dei endelege svara? Vi må ikkje slutte å undre oss. Da blir livet fattigsleg.

Eg trur ikkje på julenissen lenger. Men no i desse juletider er det mykje anna å undre seg over. Juleevangeliet si forteljing om det store mirakelet, vintersolverv med sitt fantastiske lys, naturen som ligg i dvale og som gradvis skal vakne til liv igjen – det er mangt som kan gjere sterkt inntrykk på opne sansar.

Treng vi eigentleg å forstå alt dette? Kanskje vi berre heller skal dyrke undringa, og leve med dei fantasiane og indre bileta som inntrykka skapar?

I dag er det ingen som køyrer høy mest hest og slede. Men turane til løa på utkikk etter nissen har brent seg fast i minnet mitt. Av Nils lærte eg noko om å gle seg til jul. Om å undre seg.

Det var ikkje så reint lite.

#advent #jul #julenissen #juleminne

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s