Ein fattig, stor mann


Yase – ein heidersmann.

På Sri Lanka bur det ein kar som heiter Yase. Eg vart kjent med han under ein tur til tropeøya i 2004, og trefte han på nytt to år seinare.

Sjølv om kontakten oss i mellom etter kvart har ebba ut, tenkjer eg ofte på Yase. Fordi han lærte meg så mykje. Om livet. Om ekte verdiar. Om mennesket.

Dei som bur på Sri Lanka har lite å rutte med materielt. Det hindrar ikkje at vi som har vunne det store lukkeloddet her på jorda, har mykje å lære av dette folket. Omtanke og varme kan ikkje målast i pengar. Integritet har ingenting med sosial status å gjere. Menneskeverd er eit globalt omgrep – uavhengig av fysiske levekår.

Yase vaska og stelte rom på Sunil’s Beach Hotel i byen Hikkaduwa. I tillegg utførte han vaktmeisteroppgåver, og ikkje sjeldan tok han eit tak i baren eller restauranten. Han hadde ei månadsløn som tilsvara nokre få timeløner for ein vanleg norsk arbeidar. Det er heller ikkje arbeid å få heile året. Når regnet kjem og turistene forsvinn, er det slutt på løna. Slik er vilkåra for ein hotelltilsett på Sri Lanka. Men Yase og kollegaene hans har ikkje noko val. Arbeidsløysetrygd finst ikkje i landet deira.

Ein skulle kanskje tru at folk som jobbar under slike tilhøve ikkje legg meir i arbeidet enn høgst naudsynt. Men singalesarane er ikkje slikt skapte. Sjeldan har eg opplevd slik service og ekte omsorg som ved Sunil’s Beach Hotell.

Yase trefte eg titt og ofte. Han var alltid på pletten. «How are you? Something to eat or drink, sir? Just a minute». Og om kvelden, når arbeidsdagen gjekk inn i den trettande og fjortande timen, var han framleis like blid og opplagt. Da kunne vi setje oss ned saman og prate. Yase var nysgjerrig på Noreg. Og han hadde mykje å fortelje om seg sjølv og sine.

Etter som slutten på opphaldet byrja å nærme seg, vart det klart for meg at denne mannen måtte få ei ekstra påskjøning, Reisehandboka fortalde at dei som vaska romma «ville bli glade» om turistane la att hundre rupees når dei forlet hotellet. Men hundre rupees var i 2004 rundt sju kroner. Yase fortente meir.

Så endte det heile med ein noko større sum til Yase. For ein med norsk lønskonto var ikkje beløpet så mykje å snakke om. Men for min ven, som plutseleg stod med fleire månadsløner i handa, vart tilveret, i meir enn ein forstand, lysare. No kunne han kople på straumen i huset sitt. Yase og familie levde utan tilgang på elektrisitet. Pengane strakk ikkje til.

Ein gladare mann har eg aldri sett. «Now me and my family can get the electric light», utbraut Yase overlukkeleg. Det var i sanning ei sterk stund.

Det som sit sterkast i minnet etter dette opphaldet på Sri Lanka, er likevel det eg fekk oppleve nokre dagar tidlegare. På gangen utanfor hotellrommet stod ein smilande Yase: «I have a gift for you». Og opp frå bunken med handdukar og sengeklede som han frakta med seg på vogna si, dro Yase fram ein pakke. Det var berre å ta imot.

Den utskorne maska i tre, som Yase hadde kjøpt på marknaden, er den flottaste gåva eg nokon gong har fått. Der stod denne mannen, med si spinkle løn, og lyste av glede over å kunne gje. Aldri har eg kjent orda «thank you very much» meir kraftlause og utilstrekkelege.

Det var godt å dra attende til Noreg og vite at Yase og familien kunne gå regntida i møte med lys og varme i huset. To år seinare skulle eg få den store opplevinga å kome heim til dei. Det lyste frå pæra i taket. Gjestfridomen som vertskapet auste av, gjorde dagen til noko heilt spesielt.

Mennesket kan vere stort, sjølv om det eig lite.

#srilanka

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s