Eit femtiårsminne


Peder og Ane, her på bryllupsdagen. Sjølvsagt heng dette bildet på veggen i Tælastuå.

Som hytteeigar på Tæla finn eg det verdt å lage eit lite innlegg om at det i dag, 18. desember, er femti år sidan Peder Kvendbø døydde.

Peder var ikkje meir enn 64 år gammal da han gjekk bort. Han var fødd i 1901. Men på Tæla etterlet han seg eit monument som for meg skulle bli av uvurderleg verdi. Han bygde Tælastuå, som eg tok over i 1992. Eg skulle gjerne ha fått takka han. Det er nesten rart å seie det: Men det er få som har påverka retninga på mitt vaksne liv meir enn Peder.

Oppe på stølen residerte han saman med fru Ane. Ho var fødd i 1905 og døydde i 1985. Dei gamle hyttebøkene fortel om eit par som levde eit godt og uluksuriøst liv i fjellheimen. Dei arbeidde hardt og dyrka dei små gleder.

Peder var ein fjellmann utanom det vanlege. Før hytta var ferdig starta han bygginga av ein motorsykkelveg frå hytta og ned til Kvennbøen – med handmakt. Han rakk å få til 490 meter. Denne vegen har eg døypt «Vegen etter Peder Kvendbø». Min gode ven Torbjørn har laga eit fint skilt som vart hengt opp for eit par år sidan.

Truleg hadde Peder også ein plan om å utnytte vatnet i Fossåa til å skaffe elektrisitet til hytta. Men så langt kom han aldri.

Så vidt eg veit, trefte eg Peder berre ein gong. Det skjedde søndag 6. august 1961. Da var eg som femåring på min første tur til Tæla. Peder dreiv med snekkering inne i hytta. Ein kan vel trygt seie at dette møtet i ettertid framstår i eit heilt spesielt lys.

Femti år etter at Peder døydde er livet på Tæla framleis ikkje så ulikt det han og Ane levde. Lite luksus, store gleder – og nokre tunge tak. Det er eit privilegium for meg og Mette – ein buaværing som trivst slik oppe på Tæla, å føre denne arven vidare. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s