Midtskill og millionar

Aukrust sin figur Myrullbråten ville ha hatt midtskill om han fekk leve livet om igjen. Elles var han visst nøgd med sitt jordiske opphald.

Får eg ein sjanse til, vil eg satse mykje på ein leveveg som fotballtrenar. Ein av det udugeleg slaget, aller helst. Det er dei som stikk av med den verkeleg store potten. Fallerte fotballtrenarar utgjer ein slags økonomisk adel her i landet. Dei flaksar rundt i fallskjermar så store, at dei sikkert kunne ha halde seg i lufta til evig tid.

For ein som har sett fram til Per-Mathias Høgmo sin avgang heilt sidan han starta som landslagstrenar, er ikkje dette nokon sorgens dag. Tvert om. No er det håp for landslaget igjen. Einaste skåret i gleda, sjøl om det ikkje akkurat kom uventa, er etterløna som Høgmo fer av stad med. Fram til utgangen av neste år skal han motta fire millionar kroner. Det er meir enn dobbelt så mykje som statsministerløna i same tidsrom.

Eg er tilhengar av ein human personalpolitikk, også når det handlar om folk som ikkje har fått til noko i jobben sin. Men det må da finnast grenser. Etterløna til Høgmo, og den faste løna han har hatt, er vanvittig. Kor mange timar effektiv arbeidstid har eigentleg ein landslagssjef i løpet av eit år? Mellom tre og fire millionar i året for dette arbeidet framstår for meg som totalt meiningslaust, sjølv om det er «marknaden» som rår. Ei etterløn på rundt 70.000 kroner i veka frå no og ut 2017, utan å gjere nok som helst, er ikkje berre uanstendig. Det er uetisk.

Eg har gjort tenesta mi som forelder og frivillig innan den aldersbestemte fotballen. For dei som held på no må det vere utruleg demotiverande å oppleve at ein pompøs pratmakar gjer seg til mangemillionær etter å ha omskapt vårt stolte landslag til ein uinteressant kuriositet i det internasjonale fotballandskapet. Avstanden mellom dei som breier seg på toppen i norsk fotball og troppene som jobbar på grasrota har vorte kvalmande stor.

Myrullbråten var ein nøysam kar. Han drøymde om midtskill i sitt neste liv. Per-Mathias Høgmo og dei andre fallskjermhopparane håpar nok meir på reprise, vil eg tru.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s