Øvst tronar John Gammelbu’n

Eg trudde denne kvelden, måndag 28. november, skulle bli lang. Ja, eg hadde førebudd nattrangling, rett og slett.

Men så gjorde karane Karjakin og Carlsen slutt på artigheita nesten før eg rakk å benke meg framfor skjermen. Det som skulle vere ei lang, sugande og dramatisk batalje om VM-tittelen, vart i staden ein slags hurtigsjakk som til tider likna faretruande på det spelet som vi superamatørar ofte ender opp med. No må eg ile til og understreke at når VM-duellantane renska brettet for brikker i løpet av tre kvarter, så var det eit resultat av iskald berekning. Blant dei døydelege er det vel fleire enn eg som har har opplevd mannefall på brettet, utan at avansert tankeverksemd har vore årsaka.

Eg har aldri vore nokon stor sjakkspelar. Men eg har heldt kunnskapen ved like sidan tenåra, og har i alle fall såpass inne at eg kan fungere som læremeister for barnebarnet Daniel på åtte. Han har anlegg for matematikk og resonnement, og dermed også sjakk. Det går nok ikkje lenge før han slår morfar.

Sjølv lærte eg sjakk av John Gammelbu’n. John var vel det ein i ordet si mest positive tyding kan kalle ein original. Men spesielt ei stor bragd gjorde at vi gutane såg opp til han; John hadde hoppa i Holmenkollen. No minna han vel strengt tatt ikkje så mykje om ein skihoppar på sine eldre dagar. Men foto av John frå velmaktstida viser ein atlet i elegant svev. For småkarar som bygde bakke bak fjøset og drøymde om pokalar og store sigrar, var «Gammelbuinn» ei inspirasjonskjelde.

Og så spela han sjakk. Rundt konfirmasjonsalderen kjøpte eg meg eit sjakkspel i Kristiansund, og hadde lyst til å lære. Sjakkmiljøet på Kvennbø var mildt sagt labert, så eg måtte ut av grenda for å skaffe meg kunnskapen. Ein søndag ettermiddag kasta eg meg på sykkelen, troppa opp på Gammelbu’n og spurde om John kunne lære meg sjakk. Det var ikkje nei i hans munn, og etter ein del timar ved brettet kunne eg grunnprinsippa. Det var starten på mi karriere som sjakkspelar.

Det vart ein del sjakk i gymnastida. Seinare i vaksen alder har spelinga skjedd meir sporadisk og på eit svært lågt nivå. Men det er artig å kunne sjakk, som har gjeve meg mykje triveleg tidtrøyte.

No gjenstår det å sjå kven som vinn VM. Eg håpar på Carlsen. Men for meg vil han likevel ikkje vere den største. Øvst på sjakktrona står John Gammelbu’n.

Magnus Carlsen kjem aldri til å hoppe i Holmenkollen.

#sjakk #skihopp #holmenkollen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s