Når prinsippa ender i intoleranse

Som liten gut høyrde eg ofte mi nøysame og gudfryktige oldemor, født i 1883, seie at det var «sist i verdens tid.»

Det ho meinte, var at verda heldt på å gå av skaftet, med radio, TV, bilar og andre luksuriøse innretningar. Den gamle opplevde nok 1960-tallet som ein stor, uanstendig forbruksfest.

Oldemor var ikkje den einaste som sto for nøysemd og måtehald i mi barndoms grend. Miljøet var prega av nøkterne menneske som arbeidde mykje og som var i stand til å gle seg over små ting.

Folk var da som no ulike. Eidet var på sin måte eit slags fargerikt fellesskap, der det var plass for alle. Bedehusfolk og storfestarar kunne leve fredeleg side om side. Dei som hadde lite, eller på annan måte opererte utanfor A4-formatet, vart møtt med gjestfridom når dei tok seg ein tur på bygda  Folk var rause og respekterte kvarandre. Å vekse opp under ein slik himmel har vore ein fin ballast å ha med seg gjennom livet.

Det er nok denne ballasten som gjer at eg er ute av stand til å sjå det store i politikarar som ikkje greier å opphalde seg i ein kommunestyresal der andre syng «Deilig er jorden». Kva er det vi held på med?

Gå i protest mot det du ikkje likar, eller som utfordrar ditt syn. Vis mangel på romslegheit i høve til andre sin tradisjon og deira tru. Er det lærdommen vi skal overføre til komande generasjonar? Er det slik vi bygger eit varmt og inkluderande samfunn? Prinsipp er vel og bra. Men det er ikkje særleg heldig når prinsippa blir omsett til intoleranse og mangel på folkeskikk.

Verda endrar seg, og vi med ho. Det er ikkje slik at alt var betre før. Det er lett å sjå at folk før i tida, ofte på grunn av mangel på kunnskap, i mange spørsmål hadde haldningar som ville ha stått seg dårleg i 2016. Men noko har også gått tapt på vegen. Mellom anna gjeld det respekten for tradisjonar og kulturell forankring. Vi rykkjer opp alt med rota, og blir ståande i lause lufta.

Om det er «sist i verdens tid», veit ikkje eg. Truleg er det ikkje det. Men verda har i alle fall vorte slik at eg stadig oftare tenkjer på oldemor mi og dei verdiane ho prøvde å overføre til oss som vaks opp. Så noko er det som skjer, enten med meg eller verda. Eller med oss begge.

#Deiligerjorden #jul #tradisjon

En kommentar om “Når prinsippa ender i intoleranse

  1. En hver folkevalgt til kommunestyrene skal ha respekt for de juletradisjonene, som har eksistert gjennom mange år. Ønsker man ikke å synge «Deilig er jorden» så behøver man selvfølgelig ikke synge, men likevel respektere at flertallet deltar ! Å masjere ut i demonstrasjon for å skape en masse oppmerksomhet, er både dumt og tullete som rammer kun de såkalte «demonstranter » og endelig micropartiet SV…

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s