Mykje å glede seg over i 2016


Sommaridyll ved Fossåa.
 

2016 er historie. Når eg startar på desse linene er det 11 timar att av eit år som har innheldt både opp- og nedturar. Som alle andre år.

Personleg er eg glad for å kunne slå fast at kroppen og hovudet framleis heng med, og at dei rundt meg har det bra. Alle har vi vel våre plager. Og alltid er det noko ein kan ottast for. Men slik er no dette livet. Det gjeld å halde fast på det positive.

Året som  ebbar ut har gjeve meg mange positive opplevingar. Det største er å sjå at dei to barnebarna våre, Daniel og Benjamin, veks og utviklar seg. Dei bur litt langt unna. Men desto meir stas blir det da når vi treffest.

Stor stas var det også å motta Kleivaprisen saman med Torbjørn og Erling. Reisa frå ideen til Kvenndalsboka vart sådd i 2007 til vi fekk prisen, er meir som eit eventyr. Og kanskje er det heller ikkje heilt slutt…

Elles baud våren på tradisjonell Tæla-påske, den 24. på rad sidan 1993. Det er fint på Tæla heile året. Men det er noko spesielt med påska. Triveleg er det også å oppleve at tradisjonen med eit treff 1. påskedag har festa seg. 

I mai tok eg og Mette turen til Lisboa. Det vart ei fantastisk oppleving. I fem døgn oppheldt vi oss i den portugisiske hovudstaden, som har så mykje å by på at vi allereie på heimreisa bestemte oss for å dra tilbake. Vi vart ikkje ferdige!

Andre turar var også med på å krydre 2016. Vi hadde ein innhaldsrik og koseleg ferietur til Fosen, og som vanleg ein vellukka weekend i Ålesund i januar. Desse weekendane i sunnmørsbyen starta som eit innfall, og har endt opp som ein tradisjon.

Ein kjær tradisjon er reisa til Kreta i august/september. Dei to vekene i Platanias, der vi etter kvart har vorte godt kjent, gjev mange gode minne å ta med inn i den mørke hausten.

Så vart også 2016 prega av alle turane til Tæla. Sjølv oppheldt eg meg oppe på stølen i overkant av to månadar i 2016 – Mette ikkje så mange dagar mindre. Det kostar litt å ta seg fram til hytta. Men vi er begge samde om at dette er den beste plassen på jorda.

15. juni 2017 blir det førti år sidan eg starta som journalist i Romsdalsposten. Sidan har yrkeslivet for mitt vedkomande utelukkande handla om media. Det er krevjande tider i bransjen. 2016 vart likevel eit godt år for Aura Avis, som neste år fyller 70 år. Eg er stolt og glad over kva vi har vi har fått til.

Dersom ein frå Fintenkjarplassen løfter blikket mot den store verda, er det ikkje så mykje positivt å få auge på. Kloden er prega av krig, naud og terror. I Europa er høgreekstremistane på offensiven. Slikt er ikkje til å bli oppstemt av.

Eg er også redd at vi tek for lett på klimaendringane. Meldingane om vintertemperaturen på Svalbard er alarmerande. Ekstremver rammar oss her i steinrøysa og andre delar av verda oftare enn før. I Antarktis smeltar ein av jordas største brear, Tottenbreen, no nedanfrå. Han vert ti meter tynnare for kvart år som går. Forsvinn denne breen, og det kan i verste fall skje i løpet av berre eit hundreår eller to, vil havnivået stige med tre – fire meter.

Nokon meiner, ufatteleg nok, at vi skal sette oss roleg ned og vente på at klimaendringane går over av seg sjølve. Eit større brotsverk mot komande gnerasjonar er det etter mitt syn vanskeleg å sjå for seg.

Men, no er det  nyttårskveld. Lat oss ikkje miste alt det positive av syne. 2016 er verdt ei feiring, og 2017, med alle sine ark og fargestiftar, skal vi ta i mot med glede og forventning.

Godt nyttår til alle frå meg og Mette!


Godgutar. Daniel og Benjamin.

Lisboa. Ei oppleving.

Oppussing i Tælastuå. Ein særs effektiv målarmeister.

Råkvåg på Fosen. Ein nydeleg plass.

Storfint besøk på Tæla. Nils Ulvund frå Ålvundfjord tok turen opp liene.

Spretthoppkongen Sigbjørn Hausberg i aksjon 1. påskedag.


Klosterbesøk på Kreta. Eit vakkert og imponerande byggverk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s