Den gongen meisterskapa var høgtid

Kees Verkerk på veg mot OL-gull på 1500 meter i Grenoble i 1968. Bildet er klipt ut av Adresseavisen.

 

I helga har det vore EM på skøyter. Eg følgjer med, men opplever samstundes at noko av den mytiske auraen som desse meisterskapa i gamle dagar var omgjevne med, no er borte.

Hovedårsaka til det er nok at vi sportsinteresserte har vorte svært så blaserte. Det er sport på TV heile døgnet, året rundt. Om vinteren kan vi følgje kvart eit skøyteskjær, kvart eit skihopp og kvart eit stavtak gjennom ein heil sesong. I dag finst det ikkje ein unge om veit kva det er å gå i fleire veker og gle seg til eit skøyteløp på TV.

I gutedagane var det stor stas med skøyter. Ei meisterskapshelg var rein høgtid. Vi sprang for livet frå skulebussen og heim for å rekke mest muleg av 500-meteren laurdag ettermiddag. Så vart det seinare 5000 meter, der mørket på eventyrvis sakte senka seg over stadion. Kor mykje isen kom til å forandre seg utover ettermiddagen og kvelden var alltid eit spenningsmoment.

Laurdagskvelden vart bruka til utrekning av poengsummar og differansar. Eg meiner framleis at skal ein finne glede i eit skøytemeisterskap, må ein forstå at dette djupast sett handlar om matematikk. Eg lærte vel å rekne ut poengsummane til løparane i tiårsalderen. Det var eit gjennombrot som forsterka skøyteinteressa kraftig.

I oppveksten var det fast rutine med skitur til Framtid-hytta på søndag formiddag. I meisterskapshelgene vart det å ta turen og skrive namnet sitt i boka, for så å kome seg tidsnok heim til TV-sendinga starta. Praten oppe på hytta handla stort sett berre om det pågåande meisterskapet. Både unge og eldre deltok i desse analysene.

I eitt-tida kom 1500 meter og til slutt den krevjande mila. Spenninga og stemninga var intens. Ei klok mor, som forsto at verken mann eller søner var til å rikke, serverte middagen ved salongbordet i stua, slik at vi ikkje gjekk glipp av ei einaste rundetid. For sjølvsagt noterte vi. I «Alt om skøyter» var det skjema for alle meisterskapa. Mange vil nok også hugse den tida da det fanst eit eige hefte for kvart meisterskap.

Meisterskapshelga vart avslutta med Sportsrevyen, som alltid begynte kl. 21.15. Der kom høgdepunkta i reprise. Vi slukte alt. Dagen etter kom avisa, som vart nøye gjennomgått. Alle sportsbilda vart klipte ut, og lima inn i ei bok. Gjennom barndommen samla eg og eldste bror min tusenvis av slike bilde. Dei fleste kom frå Adresseavisen og Tidens Krav. Dessutan var blada Aktuell og Nå gjeve. Der var det ein del sportsstoff, med mange flotte bilde.

Ein del av bildesamlinga har eg framleis. Eit spesielt klenodium er ei papplate fylt med sportsbilde. Sjøl om eg ikkje var meir enn 7-8 år, hugsar eg godt at vi bruka mjøl-lim.

Denne helga har eg sett langrenn, kombinert, skiskyting, alpint og skøyter. Det er nesten slik at det eine druknar i det andre. Knut Bjørnsen og Per Jorsett, som til og med greide å lage drama ut av dvaske buljongpar, rådde grunnen åleine heile helga. Det var ikkje anna sport på TV medan skøytemeisterskapa pågjekk. Og truleg var det ingenting helga etter, og heller ikkje helga etter det…

Da gjekk vi heller ein tur til Strengen eller Syltnebba, etter å ha vore innom skihytta for registrering og obligatorisk inntak av eit glas med applsinsaft til femti øre.

#sport #skøyter

Ei papplate frå ca. 1963. All vintersport fenga. Ikkje minst var interessa for skihopping stor.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s