Ein umusikalsk nasjonalist

Denne utsikta ville heilt sikkert ha gjort Donald Trump til ein betre kar.

 

Umusikalsk og heilt utan rytme. Donald Trump framsto under presidentinnsettinga som ein stor trebukk på dansegolvet. Alt tyder på at han kjem til å styre USA på same viset.

På Facebook har eg kalla presidentinnsettinga i USA «absurd teater». Det verkar framleis uverkeleg at denne mannen vart vald til president. Etter innsettingstalen vart det ikkje berre uverkeleg, men også skremande og deprimerande. Eg har aldri sett ein påtroppande president avslutte talen sin med knytta neve. Eg har aldri høyrd at nokon ved eit slikt høve har kome med så mykje mørk og trugande nasjonalisme.

No er dette mennesket verdas mektigaste mann. Umusikalsk og urytmisk går han inn i gjerninga. Det første han gjorde var å starte fjerninga av Obamacare. Og meir har allereie kome. Murar skal byggast, folk han ikkje likar skal jagast ut av landet og avtaler som sikrar handel og fredeleg sameksistens med andre nasjonar er på veg mot søppelbøtta.

Paradoksalt nok er folket i USA også lova ei stor overføring av makt frå den såkalla eliten til den vanlege borgar. Det er nokså spesielt at ein kynisk mangemilliardær med klåre rasistiske trekk greier å tilrane seg ei rolle som talsmann for dei som har minst. Men det klarte altså Trump. Det seier nok meir om krafta i politikarhatet som rår i USA, enn substansen i det Trump har lova dei som held til lengst nede på rangstigen. Ein amerikanar som vart intervjua på TV sa det slik: «Det er dei toskane som har stemt på Trump som kjem til å bli mest skuffa».

Det trur eg er ei rett analyse.

Mange trudde at Donald Trump ville legge bort den konfronterande retorikken han vart kjent for i valkampen, no når han har vorte president. Noko slikt har han ikkje vist teikn til. Tvert om. Kontrasten til Obama sin siste tale til folket er enorm. Amerikanarane seier farvel til ein president som sto støtt på sine standardar og verdiar. Til erstatning har dei fått ein ustabil forretningsmann som synest å vere blotta for både verdiar og ideologi.

Det er ei stund sidan eg har vore oppe på den fysiske Fintenkjarplassen no. Men snart er det hyttesesong. Atter skal eg få stå på berget oppe på Fintenkjarplassen og sjå utover fjella. Om ikkje lenge sit eg ved hytteglaset og ser fullmånen breie seg over Sultoppane. Og det er sommarkveldar med kveldssol og lange skuggar over stølen i vente. Rik er den som har slikt å sjå fram til.

Nasjonalisten Donald Trump er ein fattig, umusikalsk mann med stor makt. Det blir ikkje mykje fintenkjing i Det ovale kontor dei næraste åra.

#Trump #nasjonalisme #USA

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s