Guttunge for ein kveld

Av og til er det godt å kjenne på at ein faktisk ikkje har vorte heilt vaksen. At ein framleis finn rom for berre å ha det gøytt.

Eg og eldste bror min, kultursjefen, vaks opp svært tett på kvarandre. Krydra med litt krangel og slåsting, var det eit tilvere fylt av leik, friluftsliv og idrett året rundt. Sommars dag handla alt om fotball, samt litt friidrett. Vintrane var fylte av skiaktivitet. Hopp, langrenn og fjellturar. Vi delte det meste, og vart i tillegg til brorskapen utruleg gode kompisar.

Eit stykke ut i tenåra vart vi fanga av musikken. Rocken, og etter kvart jazzen, gjorde sitt inntog på Kvennbø. Vi starta på ei platesamling, og samlar framleis, kvar for oss. Det vil seie; sjølv om eg den dag i dag kjøper ein god del plater gjennom året, er det umogleg å måle seg med samlaren på Grøa. Det er vel nokså lenge no sidan han gjekk frå å handle vinylplater på folkvis, til å hamstre. Det har vorte ei fenomenal samling etter kvart.

Og det var med utgangspunkt i denne samlinga at vi for nokre veker sidan fann ut at vi skulle ha hatt det gøytt i lag ein kveld. Dato vart bestemt, og med kjerringane på behørig avstand (den eine på andre sida av Atlanteren) monterte vi oss sist fredag ned i vinylkjellaren på Grøa for å kåre det beste livealbumet på 70-talet. Ja, ikkje noko mindre.

På vitenskapeleg vis skreid vi til verket med nominering av rundt tretti plater, så utsiling og til slutt gjennomspeling av ei plateside på kvar av dei 10 – 12 LP’ane som passerte det endelege nålauget. Eit avansert, sjølkomponert skjema vart bruka i evalueringa.

Snakk om å ha det gøytt! Rett nok vart vi hefta av ein handballkamp, men med semifinaleseier til Norge vart avbrekket berre ein spiss på heile greia. Sidan vi starta allereie i sekstida, meinte broderen at det ville vere muleg å kåre ein vinnar rundt klokka elleve. Eg sa meg ikkje usamd, men der bomma vi med fleire timar – dels grunna handballen. Den same bommen gjorde også at legging skjedde på ei litt anna tid av døgnet enn opprinneleg planlagt. Men det var framleis mørkt ute da vi avslutta seansen, så heilt ukristeleg var ikkje dette opplegget.

Ja, du verden, dette var gaue greiå. Stemninga var på mange måtar den same som da vi bygde hopp ovafor fjøset for femti år sidan. Den eine perla etter den andre på platespelaren. Og til slutt vann Procol Harum med si prektige konsertplate frå 1972 – innspela i Edmonton saman med kor og symfoniorkester. Eg kjøpte denne plata på postordre frå England hausten 1973, og har faktisk teke ho fram regelmessig i meir enn 43 år. Kanskje er Edmonton-albumet den plata eg har spela mest gjennom livet. Å lytte til Procol Harum er som å lese Kjell Aukrust. Når du trur du har fått med deg alle poenga, dukkar det alltid opp noko nytt. Lag på lag med genialitet, rett og slett.

Procol Harum har gjennom si lange karriere, som enno ikkje er slutt, halde tre konsertar i Trondheim, Eg var på dei alle. Eit fantastisk band, som er utruleg mykje meir enn «A whiter shade of pale». I 2004 meldte BBC at denne låta, som ikkje er med på vinnarplata vår, var den mest spelte på britisk radio dei siste 70 åra.

Men eigentleg var det vel ikkje så nøye kven som vann denne kvelden, sjøl om vi – for all del – la heile sjela vår i evalueringa.

Det var dette med å vere guttunge, dyrke samværet og ha det gøytt. Slikt blir det aldri for mykje av. Takk for ein uforgløymeleg musikkmaraton, broder!

#musikk #procolharum #rock

 

En kommentar om “Guttunge for ein kveld

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s