Skihytta – eit godt barndomsminne


I dag må det store kampanjer, oppkøyrde løyper og merka stiar til for å få folk ut av godstolen. Slik var det ikkje da eg vaks opp.

Dette bildet av Framtidhytta, som er tatt ein gong på siste halvdel av 60-talet, får meg til å tenkje på at idrettslaget med denne hytta gjorde ein stor innsats for å fremje folkehelsa. Hytta heldt ope 20 helgedagar i perioden januar – april, og dei som tok turen opp minst 15 gongar fekk diplom. Denne vart delt ut på juletrefesten i Trudvang. Eg har sjølv fleire slike diplomar.

Far min var ein ivrig skihyttegjest, og han var dyktig til å få oss gutane med ut på tur. Skihyttesesongen starta allereie første søndagen etter jul. Vi parkerte bilen inne ved Øytun, og gjekk så etter vegen opp til Karlhaugen. Eg og eldste bror min konkurrerte i alt, og det var her ved Karlhaugen den offisielle tidtakinga starta. Vi gjekk alltid for livet – både for å sette personleg rekord og for å unngå at han som måtte smøre alle skiene nådde oss att.

Føret var avgjerande for kor god tida vart. Som regel gjekk det med ein dryg halvtime. På dagar med god form og skikkeleg oppgått løype kunne vi kome oss ned mot 27 – 28 minutt. Eg hugsar ein gong eg og bror min pressa oss ekstra hardt. Far kom halsande bak saman med idrettsmannen Kjell Kvendbø. Vi klarte å halde dei unna livet, og var ikkje så reint lite stolte da vi rakk å ta av oss skiene før forfølgjarane kom seg opp siste bakken.

I starten av sesongen nøydde vi oss som regel med å gå opp til hytta og snu etter ein liten pause. I kiosken var prisen på eit glas appelsinsaft 50 øre. Ein Fox eller Nox kosta 30 øre – noko som innebar fem øre i forteneste for idrettslaget. Det mest luksuriøse var for øvrig å kjøpe ein kopp buljong. Seinare utover vinteren vart turane utvida til både Syltnebba og Strengen.

Skihytta var ikkje berre eit trimmål. Ho var også ein sosial samlingsstad, der det etter kvart som vårsola tok tak utover sesongen krydde av folk. Skiløparane kom i hovudsak frå tre kantar; Øra, Sætergarden og Karlhaugen.

No er det mange år sidan eg har vore oppe ved skihytta, som visstnok skal vere i ei heller sjaber forfatning. Uansett er ho eit kulturminne, som trekkjer trådar tilbake til ei tid da folk levde liva sine annleis enn i dag. Og mange er vi som sit att med gode barndomsminne derifrå.

#ski #natur #friluftsliv #barndomsminne

En kommentar om “Skihytta – eit godt barndomsminne

  1. Det var enkelte som skulle gjere hytta klar for innrykk på søndag som overnatta og nytta høve til å ta seg ein dram på laurdagskvelden .Det var ein som vakna og kika ut glaset,det hadde vorte skodde og snøfokk.Da kom følgende «Vere e fint karra å ikkje ei ænaste kjerring å sjå»

    Liker

Legg igjen en kommentar til Anonym Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s