Ski-VM før og no


Frå ei over 50 år gammel utklippsbok. Bjørn Wirkola i svevet under ski-VM i 1966.

Eit ski-VM byr ikkje berre på stor idrett. Ein slik meisterskap er også eit fint høve til å mimre. Vi som har følgd interessert med i skisporten gjennom nokre tiår har mange minne å ta vare på. Og vi har sett ei voldsom utvikling både i sportsleg og arrangementsmessig samanheng.

Kva som er mitt sterkaste VM-minne? Eg deler svaret i to. I nyare tid: Tommy Ingebrigtsen sitt andrehopp i Thunder Bay i 1995, da han som 17-åring gjorde dei andre i verdseliten til statistar. Frå barndommen: Heile VM i Oslo i 1966.

Meisterskapen i Oslo brente seg så fast i minnet, at eg den dag i dag hugsar svært mange av medaljevinnarane. Dei store heltane var sjølvsagt Gjermund Eggen og Bjørn Wirkola, som sørga for alle dei fem gullmedaljene som Noreg kapra. For ein som dreiv med skihopping i det små i bakken bak fjøset, var det ubegripeleg at Wirkola kunne tillate seg eit lite glis på toppen, før han kasta seg ut i skoddehavet i Holmenkollen. For ein kald fisk! Eggen si avslutning på 5-mila, der han gjekk i mål nærast i svime, kom eg vel eigentleg aldri over.

Men det aller største var å få alle øvingane inn i stua via TV-skjermen. Rett nok hadde vi opplevd det same under Innsbruck-OL to år tidlegare. VM i Holmenkollen var likevel enda meir stas. Skirenn frå Holmenkollen på TV, kvar dag i halvanna veke, var i overkant av kva ein tiåring klarte å ta innover seg.
Når vi i dag ser på dei gamle opptaka frå 1966, kan vi trekkje på smilebandet. Løparane oppheldt seg stort sett ute i skogen, og NRK hadde ikkje så mange kamerafolk i aksjon. Det vart ein god del venting, men også mykje spenning. I dag er heile løypetrassen, som er berre nokre få kilometer lang, dekt av kamera. Som sjåarar har vi vorte blaserte

Men kanskje noko av sjarmen har gått tapt på vegen? «Vi ser alt, men det er også alt vi ser», skreiv Alf Skjeseth i ein kronikk i Klassekampen ein gong. Langrennsentusiastar med eit snev av sans for det nostalgiske vil nok vere samde

Ski-VM i gamle dagar hadde også noko anna ved seg: Det skjedde berre kvart fjerde år. Frå midten av 80-talet har VM vore arrangert annakvart år, og truleg er det berre eit spørsmål om tid før meisterskapa vert årlege, slik som i skiskyting. Det er som kjent pengane som rår.

Eg ser alltid fram til dei store meisterskapa. Men både høgtida og verdien av medaljene var på ein måte større før, fordi mulegheitene til å vinne var langt færre. Ikkje berre var det VM kvart fjerde år. Talet på øvingar har også auka kraftig dei siste åra. På Gjermund Eggen si tid rakk løparane kanskje berre to VM i løpet av karriera, og dei hadde fire sjansar i kvart av dei.  Å samanlikne medaljefangsten til dagens skikongar med prestasjonane frå frå gamle dagar let seg difor ikkje gjere på ein rettferdig måte.

Vi nostalgikarar må akseptere at verda, og idretten, er i endring. Hadde ikkje endringane skjedd, ville kanskje ei grein som langrenn ha vore døyande. Likevel vil det vere feil å kaste vrak på alt det gamle. Klassiske idrettsgreiner er ikkje berre lettbeint underhaldning. Dei handlar også om kultur og identitet. Ein langrennssport utan forankring i si eiga historie er lite verdt.

Tida da løparane var «meldt på Gratishaugen» kjem ikkje att. Vi får heller aldri meir oppleve at eit kamera dveler ved ein trestamme i meir enn eitt minutt, i påvente av at verdsmeisteren skal dukke opp. I dag er det fellesstart som gjeld. «Spenninga ved å vente på løparane er ein viktig kvalitet ved langrennssporten», har tidlegare landslagssløpar Gudmund Skjeldal uttala. Godt formulert! Mellomtider har vorte ein tapt verdi.

Men ein tapt verdi er ikkje VM i 1966. Det året da Jiri Raska vart nummer fire i begge hopprenna, og finnen Paavo Lukkariniemi vann bronse i Midtstua. Sverige tok si hittil siste VM-medalje i hoppbakken ved Kjell Sjöberg, og tvillingbror til Gjermund Eggen, Jo, vart snøblind og gjekk inn til ein 27. plass på tremila. Ja, det er mykje viktig ein må gå rundt og hugse på.

Kven som vart nummer 27 på tremila i Falun-VM i 2015 har eg derimot inga aning om. Sjølv om eg såg absolutt alt.

Men det var altså alt eg såg.

#VM #Lathi #skisport

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s