Det gjekk godt


Heile lasten var på plass da eg runda hyttenova.

Da er hyttesesongen i gang. Den offisielle åpninga skjedde tysdag denne veka, med skutertransport opp frå Nordviksetra. Det vil vere ei overdriving å seie at vi var heldige med ver og føre, men alt gjekk godt til slutt.

Ein stor takk til vår faste og alltid velvillige skuterkøyrar Gunnar, som trass sørpeføre og til tider grisever greide å manøvrere opp liene frå Nordviksetra. Det var nok på hekta denne gongen. Hadde vi starta på jobben eit par timar seinare, ville veret ha stoppa heile ekspedisjonen. Og kanskje var dette siste sjanse for i år.

Sjølv gjekk eg den vante ruta opp frå Hyllbakkan, og fekk det som nok ikkje kan kallast den lettaste skituren eg har opplevd. Men opp kom eg da. Spenninga var stor da eg kom fram til hytta: Hadde transporten lukkast? Jau, sanneleg. Da eg runda hyttenova fekk eg sjå skuterspora, og på verandaen låg heile lasten fint oppstabla. Glede!

Så da kan påska og resten av hyttesesongen kome. Ingenting manglar oppe på Tæla no. Til helga blir det ny tur.

#hytteliv #friluftsliv #ski

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s