Hopping frå ein annan planet


Stor laurdag framfor fjernsynsapparatet.

1966 var eit stort år for norsk hoppsport. Bjørn Wirkola vann begge renna under VM i Oslo, og heilt på slutten av året starta han på si hittil uslåelege seiersrekke i Hoppuka. I tillegg sette karen frå Alta verdsrekord med 146 meter i Vikersund. Eg hugsar rekordhoppet som om det var i går. Det var til å bli mållaus av. 146 meter, og 20 i stil frå ein av dommarane. 20-talet vart for øvrig heftig diskutert i ein hoppinteressert kameratgjeng. Tok ikkje denne eine dommaren for hardt i? Wirkola var så vidt ute og styrte med høgrehanda på veg over kulen. Da var vel ikkje hoppet perfekt? Vi vart aldri enige.

Når eg skriv desse linene viser kalenderen 18. mars 2017. 51 år har gått sidan Wirkola sitt rekordhopp. Eg prøver så godt eg kan å lande etter å ha sett dagens lagkonkurranse i Vikersund. Eit hoppenn frå ein annan planet. Spenning. Estetikk. Kunst. Raw air. Rennet ga oss to verdsrekordar – begge ein dryg fotballbane lengre enn det som vi i 1966 opplevde som ubegripeleg. I 2017 svever hopparane ein kvart kilometer, og ingenting tyder på at grensa er nådd. 300 meter lurer rundt neste hjørne.

I heile mitt liv har eg vore interessert i idrett generelt, og i skihopping spesielt. Når alt kjem til alt finst det berre tre idrettsgreiner: Skihopping, skihopping og skihopping.

All annan idrett er for folk som ikkje har mot til å bli skihopparar.

#sport #skihopp #skiflyging

En kommentar om “Hopping frå ein annan planet

Legg igjen en kommentar til Laila Monica Nikolaisen (JEG ER IKKE SINNSYK!!!) Avbryt svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s