Tæla-påske for 25. gong


Påskestemning på Tæla. Dette bildet er frå 2013.

Det stundar atter mot påske på Tæla. For 25. året på rad blir det påskefeiring i Tælastuå.

Eg tykkjer ikkje det er lenge sidan vi forventningsfulle og spente rusta oss til den første påska. Men det var altså i 1993. Tida går fort.

Det har vore mange fine påskehelger på Tæla opp gjennom åra. Etter kvart hugsar ein ikkje alle like tydeleg, men mange minne frå 1993 sit som spikra. Draumen om å få feire påske i eiga hytte på verdas finaste plass hadde vorte ein realitet. På toppen av det heile skein sola frå skyfri himmel heile høgtida igjennom.

Mykje godver har det vore, men ikkje alle åra. I 1997 fekk vi ei skikkeleg styggverspåske. Skoda lag så tjukk over stølen at eg ikkje tok sjansen på å sende nokon av gjestane vi hadde med oss ned til Fossåa etter vatn. Sjølv den som var kjent hadde meir enn nok med å orientere seg i terrenget.

2012 hugsar eg også godt. Det var første året eg og Mette feira påske i lag oppe på Tæla. Palmehelga hadde vi ein triveleg provianttur på godt føre. Alt såg lovande ut. Vi var optimistiske. Men så tok det til å snø. Ja, det snødde i mengder som ein sjeldan ser maken til. Onsdag kveld i påskeveka skulle eg gå opp åleine. Før turen starta, ringte eg til Lars Gudmund Røen og spurte om det hadde snødd to eller tre meter sidan søndag. «Ein og ein halv,» var svaret.

Eg skulle fort få kjenne på kroppen at Lars Gudmund ikkje overdreiv. Straks eg var komen over elva oppe på Hyllbakkan, sokk eg nedi nysnøen til midt oppå låret. Slik vart det heile turen. Tre timar tok turen frå Myrabrua og opp til hytta. Det var verkeleg ei kraftprøve.

Neste dag rente eg ned for å møte Mette. Meir snøfall i løpet av natta gjorde at også denne turen vart svært så krevjande. Dåra frå kvelden før var borte, og eg bruka ein time på å kave meg ned til Kvenndalen. Etter at Mette hadde parkert ved Myrabrua, kom det ein traktor forbi. Vi baud sjaføren ein hundrelapp for å frakte oss opp til Hyllbakkan. Karen godtok tilbodet, og turen fekk slik ein svært mjuk start.

Men så starta slitet, og det vart nye tre timar i laussnøen. Heldigvis klaga ikkje Mette ein einaste gong. Tvert om. Ho heldt humøret oppe på imponerande vis. Likevel tenkte eg at eg skulle sette litt ekstra mot i romsdalingen da vi var komne opp i Fallan. «Herifrå er det berre 800 meter til hytta. Det er ikkje lenge før vi er framme,» sa eg under ein pust i bakken ved byt-tolla. Vi bruka ein time på strekninga!

Men det er så rart med det. Når ein er framme på hytta er alle strabaser gløymde. Slik var det denne gongen, også. Vi fekk på oss tørre klede, og installerte oss med varme i omnen, mat og drikke. Det vart langt på natt før vi la oss – skjønt einige om at dagen tross alt ikkje hadde vore så verst.

Så gjekk påskedagane i fred og ro, med innrykket 1. påskedag som tradisjonelt avbrot. Da vi rente ned andredagen kunne vi sjå tilbake på ei påske som på alle vis vart overlag triveleg.

Ja, det er mykje ein kan mimre over. No gler vi oss til påska 2017. Det ligg an til at det vert berre oss to gamle i hytta dette året. Men det skal gå godt. Dessutan kan vel ein og annan kaffetørst eremitt fare forbi. Ein veit aldri. 1. påskedag er det som vanleg ope hus med sosialt samvær og spretthopprenning.

Du store min. Dette skal bli bra.

#påske #hytteliv

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s