Hopprennet i fare – men alle er velkomne


Slik er det sjeldan ein ser Tæla i starten av april.
 

Det ser mørkt ut for spretthopprennet på Tæla 1. påskedag. Tilløpet er allereie for det meste bart, og snødjupna i landingsfeltet, der ymse former for nedslag vert praktisert, er neppe meir en 20 – 30 centimeter. Ikkje ein gong karar som Sigbjørn Hausberg er det forsvarleg å sleppe utfor under slike forhold.

I dagane framover vil nok også mildveret tære hardt på den snøen som er att. Eg tippar store barflekkar på stølen, bare lier og lang bering av ski når det lir til påske.

Men uansett, 1. påskedag blir det ope hus som vanleg, og vi i Tælastuå håpar at mange også i år vil ta turen innom. For oss i hytta er innrykket påskedagen ein kjær tradisjon.

Eg og Mette hadde dei to første overnattingane for året no sist helg. Det vil vere å overdrive å seie at vi hadde vergudane på vår side. Men heldigvis er vi slik konstruerte begge to at trivsel avheng svært lite av veret. Det er fint å vere oppe på Tæla, uansett.

No er hytta vaska, rydda og klar til høgtid.

#Hytteliv #Friluftsliv #Natur 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s