Påskefeiring før og no

Familien på påsketur, truleg i 1968.

 

Eg har alltid sett pris på påska. I vaksen alder gler eg meg til gode dagar i hytta på Tæla. I barndommen var det dagsturane på ski som gjorde høgtida så forlokkande. Sjølv om vi gjekk på ski kvar dag gjennom heile vinteren, frå slutten av november til langt uti april, var det liksom noko heilt spesielt med påska. Å gå ein søndagstur til skihytta var ein ting. Ein påsketur i fjellet var noko heilt anna.

Vi hadde ein far som var flink til å ta oss med på tur. Som regel var han ikkje så nøye med verken niste eller skismurning. Turen og trimmen var viktigtast. Det handla om å gå, kome fram og ikkje klage på bakglatte ski. Men i påska la han om. Da skulle det vere ein skikkeleg matpakke, sjokolade og gjerne ei brusflaske i sekken, Sidan påsketurane som oftast var ein god del lengre enn dei vanlege søndagsturane, gjorde han seg og meir flid med smurninga. Heile familien var som regel med på tur i påska. Det var ikkje så vanleg, og dermed ekstra stas når det skjedde.

Påsketurane og påskehelgene er blant dei finaste minna frå barndommen. Vi gjekk til Strengen, Syltnebba, Kvenndalen og Kvennbøtæla. Ja, kanskje vart det ein og annan turen i Bøfjord-traktene også. Vel heime, etter å ha fått i oss middagen, bar det ut på ski igjen. Da var det som regel hopping. I bakken bak fjøset heldt vi på så lenge det var lys nok til å sjå hoppkanten.

Eg kan ikkje hugse at vi nokon gong var slitne. Forklaringa på det var enkel. Vi var rett og slett i kanonform. Allsidig fysisk aktivitet året rundt ga både kondisjon og styrke. Når påska kom, hadde vi mange hundre kilometer på ski bak oss sidan sesongstarten. Det kosta lite å gå til Fossafjellet ein dag, og så ta turen til Strengen den neste.

Eit spesielt minne: Påskelaurdag 1966 var eg på kvenndalstur saman med Gudrun Gjera. Det må nok ha vore ei særs triveleg utflukt, for eg hugsar turen godt den dag i dag. Som bildet nedanfor viser, vart turistane foreviga saman med bror Bjørn etter heimkomst. 26 år seinare var eg så heldig å bli hytteeigar på Tæla. I åra som da følgde vart det mange turar saman med Gudrun og Gunnar i Tæla-traktene og til toppane rundt. Gunnar gjekk bort for ti år sidan, Han var ein turkamerat heilt utanom det vanlege.

Fotografering etter endt tur.

 

Da eg vaks opp var «alle» ute på ski i påska. Dei som elles aldri gjekk på ski, manna seg opp og dro på påsketur. Oppe på Tæla var det myke folk. På fine dagar i påska kunne det vere lange rekkjer med skiløparar som tok runden om Fjellenden eller Kvenndalsbotnen. Det var far etter folk over alt. Slik er det ikkje i dag. Skitrafikken på Tæla har minka kraftig sidan eg var gutunge. Ja, faktisk mykje berre dei sist fem – ti åra.

I min barndomvar det ikkje veg til Kvenndalen. Når høgtida nærma seg, tetna det til med bilar rundt Austistu-løa. Mange feira påske i Kvenndalen også på den tida. For ein del av desse var hyttevegen lang. Men det var slik det var. Det skulle koste litt å kome seg til hytta og påskeparadiset.

I eit samfunn der alt endrar seg, går det sjølvsagt også same vegen med påskefeiringa. På 60- og 70-talet var skitur det opplagte programmet for dagane i påska. No for tida er det så mange andre tilbod som lokkar. Vi kan feire påske på så ymse vis. Har noko gått tapt på vegen? Eg let spørsmålet henge i lufta.

Sjølv må eg vel i denne samanhengen klassifiserast som nostalgikar. På Tæla er det verken bilveg, innlagt vatn eller strøm. Påskefeiringa i Tælastuå er difor nokså lik den dei hadde for seg på hyttene i området for femti år sidan. Eg kunne ikkje ha tenkt meg å bytte med nokon. Å dra til fjells på denne måten er eit avbrekk frå kvardagen som er gull verdt. Om det høyrest aldri så pompøst ut: Det er ein måte å kome i kontakt med seg sjølv og sine eigne røter på.

Eg har tenkt å feire påske på dette viset så lenge eg maktar – og håpar sjølvsagt at det blir mange år framover. Så får det vere opp til komande generasjonar om dei vil vidareføre dei påsketradisjonane som eg og mine likesinna jamaldringar dyrkar.

Mindre snø, meir ekstremver og høgare temperatur. Det er også noko som utfordrar måten vi feirar påske på. Om berre få tiår vil det truleg vere slik at ein må opp i det verkelege høgfjellet for å finne snø i påska. Det er ikkje berre levemåten vår som påverkar påskefeiringa. Det vil også dei menneskeskapte klimaendringane gjere i tida framover.

Påska kjem seint i år. Før i tida skapte sein påske aldri noko problem for skiføret. Vi spente skiene på rett utanfor stuedøra og gjekk dit vi ville. Noko slikt er ikkje lenger sjølvsagt. Eg var oppe på Tæla no i palmehelga, og opplevde ei snøsmelting som eg ikkje kan hugse å ha sett maken til. Når påska kjem, vil det vere meir eller mindre bart heilt frå Kvenndalen og opp til stølen.

Men det får bli som det blir. Til fjells ber det, og påska ønskjer vi alltid velkomen.

Spretthopprenn høyrer med 1. påskedag. Men i år blir det verre…
Eirik slappar av etter skituren,

 

#Påske #Hytteliv #Natur

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s