Eit vårleg ritual

Livskvalitet. Frokost før skituren.

 

Er du toillåt når du brukar solrike maidagar til å gå på ski i fjellet? Mange meiner nok det. Sjølv har eg, av naboar, vener og andre, ofte fått høyre at eg er både toillåt og stæntoillin, sidan eg har denne vanen at eg dreg til fjells for å gå på ski når andre sett rauva i veret og grev seg ned i hagen. Sistnemnde aktivitet er politisk korrekt og per definisjon normal. Å oppsøkje snøen langt ut på våren er det motsette. Altså politisk ukorrekt og unormalt.

Folk får no meine det dei vil. Eg held på mitt. Dei som ikkje brukar skiene til å kome seg ut i naturen i mai, veit ikkje kva dei går glipp av. For meg har desse turane vorte eit nær heilagt ritual. Det er ikkje berre i låglandet det livnar i lundar. Det same skjer i det oppvaknande fjellandskapet. Vårskiturane gjev fantastiske nauropplevingar.

Det er vårsøg i fjellet no. Da vi kom fra til hytta siste fredagskvelden i april, var Tæla prega av at Kong Vinter hadde vore på ein nyleg visitt. Snøen låg djupare på stølen enn da vi reiste heim 2. påskedag. Og Fossåa, som utover påskehelga verkeleg tok til å briske seg, var no bortimot attfrossa.

Men så kom varmen laurdag. Vi kunne sitte i hytteveggen og formeleg sjå kor snøen minka i solsteiken. Nede i Fosså oppsto nytt liv. Is og snø måtte vike for ei våryr fjellelv, som fekk det meir og meir travelt på vegen sin mot fjorden.

Snart skal den vesle fossen innafor hytta atter bruse fri og frank. Det er ein kjær tilhaldsstad for oss i Tælastuå. Her badar vi. Hit tek vi med oss god mat og drikke på varme sommardagar og nyt livet i lange drag.

Ein får stort sett ha Tæla for seg sjølv på denne årstida. Men heilt fritt for fjellfolk som fer forbi er det ikkje. Også andre har sine ritual. Bestemte turar skal gjerast på faste dagar i året. Vi er framleis ei lita klan som meiner at det å gli over Tæla på silkeføre ein maidag er den optimale skiopplevinga. Er vi toillåt, lever i alle fall eg godt med den merkelappen.

Når eg skriv dette, er eg framleis ikkje ferdig med skisesongen. Komande helg ber det til støls igjen. Når verdas flottaste terreng byr seg fram som i desse dagane, er det berre å pakke sekken.

Som oftast er vi to oppe på Tæla. Denne helga blir eg eremitt. Men det betyr ikkje det same som einsemd. Nei, eg er knappast åleine. Borte i stigen like før stølen tek eg ein liten prat med rogna som alltid helsar så blidt. Kring Tæla tronar prektige toppar som passar på. Opp frå Fosså stig vakker vårsong. Nei, det manglar ikkje på selskap.

Ein må berre stille inn sansane. Høyre, lukte og sjå.

#Hytteliv #Natur 

 

En kommentar om “Eit vårleg ritual

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s