No kjem vi, kjære Platanias!

Laurdag 13. mai set eg og Mette kursen mot Kreta og Platanias for fjerde gong i lag.

Det er mange grunnar til at Platanias har vorte vår plass. Ein av dei viktigaste ser du på bildet over, der Mette er flankert av strandbarvert Manolis og mor hans. ManoEra heiter baren, som slett ikkje er av det fasjonable slaget. Til gjengjeld byr dei som arbeider her, dei to på bildet samt kona til Manolis, på så mykje hjartevarme og gjestfridom at du fort kjenner deg heime.

Her held vi til dei dagane vi er på stranda. Manolis leiger ut solsenger, og han har det vi treng av mat og drikke. Han pratar med gjestene, og kjenner svært mange av dei. For hit kjem folk att, år etter år. Gamle mor, som nærmar seg åtti, arbeider heile dagen, samstundes som ho er levande oppteken av at dei som sit ved borda har det bra. Ei fenomenal dame, som vi håpar å få treffe også på denne turen.

Etter kvart kjenner vi Platanias ut og inn. Når vi kjem, veit vi kva og kvar vi skal. Inga tid går med til å leite etter butikk, minibank og restaurantar. Vår faste middagsrestaurant har vi for øvrig funne. Mythos vart starta for berre få år sidan av nokre kelnarar som da jobba ein annan stad, men som ville byrje for seg sjølve. Mythos har på rekordkort tid vorte ein svært populær restaurant. Ikkje så rart, meiner vi. God mat, framifrå atmosfære og mykje humor gjer denne staden til ei perle i det mylderet av restaurantar som Platanias har å by på.

Elles er det mykje anna å gle seg til. Forutan rikeleg med strandliv tek vi alltid ein tur eller to til vakre Chania. Og ein av dagane leiger vi oss bil. Det er fantastisk mykje flott å sjå rundt om på Kreta.

Vi gler oss til å møte deg att, du sjarmerande, kaotiske og fascinerande Platanias. Vår plass!


Havutsikt fra ManoEra på ein litt vindfull dag.


ManoEra ligg fint til på stranda.
 

#Ferie #Kreta #Crete

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s