Møte med ei eldgammal kjempe


 

Dette oliventreet er det eldste i verda. Det står i landsbyen Ano Vouves på Kreta, og ber alderen sin, 3.500 år, på imponerande vis. Framleis produserer treet oliven! Stammen har ein omkrets på 12,5 meter og ein diameter på 4,6 meter. Ei kjempe, rett og slett.

Eg og Mette besøkte Ano Vouves under Kreta-ferien vår nyleg. Landsbyen ligg i eit vakkert område, der landskapet er kledd med oliventre. Hellas er verdas tredje største produsent av oliven, og berre på Kreta skal det stå rundt 30 millionar oliventre.

For ein som kjem frå eit land der alt er regulert og påpassa, kan det verke litt merkeleg at eit klenodium, som allereie på Jesu tid var halvanna tusen år gammalt, ikkje har så mykje som som eit gjerde rundt seg. Men den greske tenkjemåten er annleis enn vår. Det blir som det blir med det meste i dette landet. Difor får eit 3.500 år gammalt tre passe seg sjølv.

Skal tru om ikkje statusjagande og stressa nordbuarar har noko å lære av denne mentaliteten? Eg trur det. Rett nok heldt det på å gå skikkeleg gale med Hellas, da ingen verken ville arbeide eller betale skatt. No er dei midt inne i oppgjerets time. Den økonomiske kuren er hard, og mange er bitre både på eigne styresmakter og EU. Men heldigvis er lynnet til folket ikkje endra. På Kreta møter vi alltid stor gjestfridom og ein velsigna avslappande atmosfære. Vi gler oss allereie til neste tur.

Som vanleg kom vi heim frå Kreta med sekken full av inntrykk og spennande opplevingar. Late dagar på stranda med ei god bok innafor rekkevidde, biltur til avsidesliggande landsbyar, seightseeing med «The little fun train», det faste besøket i vakre Chania, alle samtalane med vår gode ven Manolis, middagane hos den heilt spesielle gjengen som driv restauranten Mythos – det er så mange fine minne å ta vare på.

Og på toppen av alt: Det eldgamle oliventreet. Tenk om det kunne fortelje…

#Ferie #Kreta #Crete

En kommentar om “Møte med ei eldgammal kjempe

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s