Seremoni mot sommar

Livskvalitet,

 

Sommarsesongen på Tæla er i gang. No er liene berre, og sakte men sikkert skiftar fjellandskapet frå brunt til grønt. Borti Bollknubben blir dei minkande snøfonnene til rare figurar. Prosessen er alltid den same. Det er som ein høgtideleg seremoni.

Snødjupna oppe på Tæla kan variere sterkt. For ein månads tid sidan tykte eg det såg dårleg ut for både vår og sommar. Men det er så viseleg ordna. Uansett utgangspunkt, kjem naturen i mål til same tid kvart år. Om eit par veker ligg Tæla der frodig og grøn. Som ho alltid har gjort. Slik ho møtte mine forfedrar da dei kom til støls med buskapen i byrjinga av juli. Slik ho også i framtida vil ikle seg sommardrakta – om ikkje attgroinga kjem og tek alt.

Ein sommar er eigentleg ikkje lange tida. Når eg frå Fintenkjarplassen ser utover fjell og vidde, kjem det over meg at om berre drygt to månadar dukkar dei første teikna på haust opp. Sommaren i fjellet er kort. Han treng god tid på å kome i gang, og startar nedtellinga mot kulde og vinter tidlegare enn nede i låglandet. Syklusen er evig og ubryteleg. Det gjeld berre å henge seg på, takke for det ein får og kjenne at livet lever.

Løytnant Thomas Glahn i Knut Hamsun sin roman «Pan» levde i og med naturen. Ein stad i boka seier han: «Det kan regne og storme, det er ikke derpå det kommer an, ofte kan en liten glæde bemæktige sig på en regnveirsdag og få en til å gå avsides med sin lykke. Man stiller sig da op og gir sig til å se ret frem, nu og da ler man tyst og ser sig omkring. Hvad tænker man på? En klar rute i et vindu, en solstråle i ruten, en utsigt til en liten bæk og kanske til en blå rift på himlen. Det behøver ikke å være mere.» Eg er ingen Glahn. Men eg kjenner meg att i desse setningane. For som løytnanten altså seier: «Det behøver ikke å være mere.»

No ser Mette og eg fram til veker i fjellet prega av varme dagar, lyse kveldar, vedarbeid, turar og bading i Fossåa. Kort sagt: Eit enkelt og godt liv, i ei hytte der vi, som løytnanten, har «utsigt til en liten bæk.»

Sist søndag var eg på kyrkjekaffe oppe med nabo Bjarne i Telheim. Der kom vi i tal om at livet som hytteeigarar på Tæla starta for 25 år sidan. I august 1992 gjekk den første helikoptertransporten med material og utstyr frå Kvennbø. Vi var samde om at alle desse åra har gjort noko med oss begge. Den som har hytte på ein slik plass, får ein livsstil med på kjøpet.

«Det kan regne og storme, det er ikke derpå det kommer an.»

Junikveld 2017.

2 kommentarer om “Seremoni mot sommar

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s