Kortreist ferieglede

Eit over femti år gammalt prospektkort frå Strynefjellvegen. Kortet vekkjer mange gode minne.

Så blir det ein kortreist ferietur i år også. Eg og Mette har gjort slike utflukter til vår eigen spesialitet. Vi er ikkje heimefrå meir enn to – tre døgn, og tilbakelagte kilometer er slett ikkje all verda. Men erfaringa er denne: Oppskrifta på ein vellukka og oppplevingsrik biltur er ikkje å køyre lengst mogleg. Poenget er å ta seg tid.

I fjor bruka vi tre dagar på å utforske Fosenhalvøya. Det var ein fantastisk flott og lærerik tur. Året før køyrde vi rundt på Hitra og Frøya . Det var like fint. Vi gløymer heller ikkje turen til søre og indre Sunnmøre i 2013, da vi den eine dagen forflytta oss ikkje meir enn femten mil. På Sæbø måtte vi vente ein og ein halv time på ferja, etter å ha bomma på ein avgang med to minutt. Ventetida viste seg å bli den kanskje finaste stunda på heile turen. Vi rusla rundt, fotograferte, drakk kaffe på eit koseleg konditori og fall til slutt for freistinga til å kjøpe eit maleri av ein lokal kunstnar. Det rauk nokre tusenlappar. Men vi ville ikkje ha vore kunstverket forutan.

Carpe diem. Grip dagen.

Tilbake til årets utflukt. Målet er Stad. Det betyr at ferda går gjennom den flotte naturen på ytre søre Sunnmøre, før vi kryssar fylkesgrensa mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Vi har bestilt hotellrom i Måløy. Eg ser fram til å utforske dette området, der eg faktisk aldri har vore før. Frå Måløy går turen innover fjordlandskapet til Nordfjordeid, og deretter Stryn. Dagen har vi tenkt å avslutte med å køyre den gamle Strynefjellvegen opp til Grotli, der vi tek overnatting nummer to. Ein overkommeleg dagsetappe, som gjev rom for mange stopp og avstikkarar.

Eg hugsar godt første gongen eg var på Grotli. Den gongen var eg vel ti år, eller der omkring, og familien var på tur. Etter ei lang slåttonn var det heile som eit eventyr. Vi kom frå Gudbrandsdalen, og køyrde ned til Stryn, der det vart overnatting. På turen kjøpte vi gutane mange prospektkort. Eg har mine framleis.

Eg og Mette gler oss til ferie. Etter bilturen blir det ei veke på Tæla, før vi reiser heim og tek imot barn og barnebarn. Det blir fullt hus nokre dagar. Ein finare måte å avslutte ferien på er det ikkje mogleg å få.

Til slutt kom ferja, og vi kunne seie farvel til Sæbø. Ein makalaus fin plass, der ventetida gjekk fort.

#Ferie #Sunnmøre #Stryn #Nordfjord
 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s