Sakte sommardagar på Tæla

Vi ferierer på tredje dagen på Tæla. Tida går sakte, men livet lever. Vi puslar i og rundt hytta, hogg litt ved og går turar.

Vêret kunne ha vore betre. Men vi har og opplevd verre. Når ein kan ta kaffekoppen etter endt vedøkt ute på verandaen, er det ingen grunn til å klage.

I dag vart det lunsj oppe på Fintenkjarplassen. Maten smakar ekstra godt når ein kan nyte slikt eit vakkert utsyn over dal og fjell.

Vi tok turen om Telheim på veg ned. Hytteeigaren var ikkje heime. I sommar har han fått sett opp ei prektig flaggstong. Ho står på same plass som den gamle, som i si tid vart reist av hyttebyggar Elling.

Det går mot kveld. Vi ventar kaffebesøk. Fossåa fyller stølen med sin evige song, og borti Fossafjellet kling det i sauebjøller.

Det er sommar på Tæla.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s