Eit smykke i fjellet

I dag tok vi oss ein liten rusletur langs Fosså, Tæla sitt smykke.

Fossåa startar oppe ved fjellet Bollknubben. På vegen sin utover Tæla sørger "mange bekker små" for at åa veks seg større og større. Etter å gjort seg ferdig med Tæla kastar Fossåa seg utfor liene ned mot Engjasetra, setra til våre gode vener Ingebjørg og Erling, før heile ferda endar i den prektige Engjafossen.

På vegen mot fjorden gjer Fossåa mange kåte kast. Rett innafor hytta vår ligg ein liten foss. Sommars dag er det for meg den vakreste plassen på Tæla. Her har vatn og is gjennom tusenvis av år laga til to badekar. Hit går vi for å sole oss, ete og – heilt enkelt – nyte livet. Ein liten foss kan gje stor glede.

Det er godt å vandre langs Fossåa. Her flyg tankane lett. I dette landskapet kan ein gammel mann finne seg sjølv.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s