Like bra som Mount Everest – bortimot…

Fossafjellet sett frå seterstølen på Kvennbøtæla.

Den som ragar berre 786 meter over havet, har kanskje ikke så mykje å skryte av. Galdhøpiggen strekkjer seg tre gongar høgare mot himmelen, og den største av alle majestetar, Mount Everest, heile elleve gongar meir til vers. Nei, Fossafjellet gjer ikkje så mykje av seg, verken på globusen eller på norgeskartet.

Men det er ikkje høgda det kjem an på. Fossafjellet byr deg ei utsikt som få andre toppar i området kan vise maken til. Frå høgste punktet har du utsyn til i alle fall ni av elleve nordmørskommunar: Surnadal, Sunndal, Tingvoll, Gjemnes, Averøy, Kristiansund, Aure, Halsa og Rindal. Smøla ligg utanfor synsfeltet. Når det gjeld Eide, er eg litt usikker. Her er vidare utsikt til fjell i Hemne, og du ser landskap i romsdalskommunane Nesset, Molde, Vestnes og Rauma. Ikkje verst!

Sjølv var eg vel seks – sju år første gongen eg besteig Fossafjellet. Vi gjekk på ski, og eg fekk oppleve den fantastiske nedkjøringa mot Tæla. Opp gjennom åra har det vorte eit utal av turar. I dag har eg som hytteeigar på Tæla det privilegium å ha toppen berre ein kort marsj unna.

Fossafjellet er lett å nå både på sommar- og vinterføre. Ein kan gå frå Kvenndalen (her er det merka sti opp til Tæla), om Engjasetra eller frå Nordviksetra – for å nemne dei mest vanlege rutene. Boka ved den største varden vitnar om ein viss trafkk her oppe, sjøl om den ikkje kan seiast å vere veksande. Ein del namn går att. Dette er personar som gjer fleire turar kvart år, og som gjennom eit heilt liv har dreve på slik. Far min, ein ivrig fjellmann, var i si tid ein stødig brukar av Fossafjellet. Eg tenkjer alltid på han når eg sit med kikkerten oppe på toppen.

Dei færraste av oss har føresetnadar for å nå Mount Everest. Fossafjellet, derimot, er innafor rekkevidde for alle som er i normal fysisk forfatning. Fleire burde oppleve denne toppen. Det er ein fin tur, med utsikta som den store bonusen.

Utsyn til alle kantar frå toppen.
Fossafjellet ventar på deg.
Eit flott mål for skituren.

#Fjell #Trollheimen #Natur #Friluftsliv

2 kommentarer om “Like bra som Mount Everest – bortimot…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s