Terror og ei gammeltante

Seks år har gått sidan den vanvittige terroren mot regjeringskvartalet og Utøya.

22. juli 2011. Eg hadde ferie og var på Tæla. Det var fredag, og denne kvelden skulle eg i eit vennelag på hytta til Klara og Torbjørn i Kvenndalen.

Eg forlet Tælastuå seint på ettermiddagen. Da eg skrudde på bilradioen nede i dalen, forsto eg fort at noko heilt spesielt hadde hendt. Etter kvart som informasjonen strøymde på, vart det klart at vi var ramma av ei nasjonal katastrofe.

Det vart ein triveleg kveld i Kvenndalen. Men stemninga var og prega av det ufattelege som hadde skjedd. Da vi la oss, gjekk meldingane ut på at rundt 90 personar hadde mista livet. Morgonen etter kom fasiten: 77. 77 personar var frårøva livet på ein så meiningslaus måte. Det er framleis ikkje til å forstå.

22. juli 2017. Eg er på Tæla, og opplever ein sommardag av dei sjeldne. Når eg skriv desse linene, sig kvelden sakte på. For mange har det vore ein tung dag. På radioen har eg høyrt på verdige minnemarkeringar. Vi skal ikkje gløyme. Vi har ikkje lov til å gløyme dagen da Norge mista si uskuld.

Eg ser på Sul-toppane, Storfjellet, Bollknubben og Fossafjellet. Trufaste vener som eg kan kvile blikket på. Bautaer som er heva over alt. Også terror. Det er, tross alt, godt å vere til.

Apropos bauta. I dag tidleg kom det plutseleg for meg ar dette er hundreårsdagen til ei av gammeltantene mine. Ingeborg Schwarzer vart fødd i Utigard Kvennbø 22. juli 1917.

Ingeborg, som av dei fleste i slekta vart kalla tante Boll, var ei dame av det spesielle slaget. Ho var ekstremt lite materielt orientert, og levde eit liv prega av nøysemd og måtehald. Samstundes var gammeltante mi svært klok, og ho bar på ein naturleg autoritet. Når tante Boll sa noko, fall det naturleg å lytte.

Tante Boll døydde for mange år sidan. Men minnet om henne lever. Ho var ein bauta.

Etter ein dag med mange dystre påminningar om ondskap og fanatisme, var det godt å tenkje på tante Boll. Ho sto for verdiar som er tidlause og universelle. I ettertid ser eg at ho lærte meg dette: Ikkje bry deg om kva andre meiner og seier. Gjer det som er rett for deg og ver tru mot dine verdiar.

Tante Boll hadde integritet. Verken meir eller mindre.

Gratulerer med dagen! Aldri skal terroristen få kaste skugge over ditt minne.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s