To mann – tre aviser

Det vart nettrekord.

Det er torsdagskveld. Eg skriv denne epistelen mot slutten av ei arbeidsveke som er av dei mest spesielle eg har vore gjennom som redaktør i Aura Avis. 21 år i avisa har bydd på mykje rart og uventa. Men aldri før har eg opplevd at redaksjonen i ei heil veke har vore bemanna med berre to redaksjonelle medarbeidarar.

Eg og Jan har køyrd showet denne veka. To gamle og håplause stabukkar med over åtti års lokalaviserfaring i bagasjen. Vi har vore ute nokre vinterdagar før.

To mann, tre papirutgåver og ei nettavis. Men vi har klart oss godt. Ja, eg er beint fram stolt over resultatet. Den eine dagen sette vi til og med trafikkrekord på nett. Ei bedragerisak eksploderte. Det small først i Aura Avis. Ikkje fordi redaksjonen fekk saka opp i hendene. Vi var berre godt førebudde. Jan hadde for lenge sidan fanga opp rykte, og kunne trykke på dei rette knappane til rett tid.

Det har eigentleg vore ei storarta veke. Som eit gammalt ektepar har stabukkane jobba side om side, inspirert av gode saker, høg nettrafikk og ein arbeidsflyt som har gjort oss i stand til å levere avisa lenge før deadline kvar dag. Nokre gongar fekk eg inntrykk av at Jan skreiv om Norway Cup med den eine handa og om landsskyttarstemnet med den andre. Det er dette som heiter rutine.

Pressefolk er enkle sjeler. Vi lever for dei små gledene. Det er når vi får ut den viktige nyheita på nett fem minutt før konkurrentane, eller når papiravisa vert fylt opp med eksklusivt nytt, at blodpumpene våre tek nokre gledesslag ekstra. For tomannsredaksjonen vart hardt arbeid denne veka belønna med nokre slike stunder.

Snart er agurktida over for denne gong. Folk kjem tilbake frå ferie, og livet vender tilbake til vante folder. Bra er det.

Likevel: Denne veka ville eg ikkje ha vore forutan. Dei gamle er framleis eldst. Trur vi, i alle fall.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s