Strigla kjendisar og politikarar i A4-format

Medan eg, i alle fall i overført tyding, inntek Fintenkjarplassen, strøymer toppar frå politikken, PR-bransjen og andre «fancy» næringsgreiner til Arendal. Her skal dei mingle, lobbyere og skjenke kvarandre fulle i ei heil veke til endes. Skal ein kome opp og fram her i verda, gjeld det å vere på rett plass til rett tid. Ein feit representasjonskonto i tillegg hjelper. Det er så greit når andre betaler moroa.

I denne andedammen av sjølopptatte, strigla og vellukka kjendisar er det at den norske valkampen startar. Desse linene er skrevne den siste timen før det heile tek laust med partileiardebatt på NRK. Eg har alltid vore interessert i politikk. Men i år er eg faktisk litt i tvil om eg gler meg til valkampen. Faren for politisk overdose er stor. Risikoen for å gå lei av tillærte formuleringar og innøvde mantra kjennest overhengande. Kanskje det er best å halde seg unna heile greia, slik at ein ikkje mister lysta til å stemme?

Ikkje alt var betre før. Men etter å ha sett ein dvask duell mellom Jonas Gahr Støre og Erna Solberg på Dagsrevyen no i kveld, vil eg i alle fall meine at dei sagnomsuste Gro/Kåre-bataljene på 80-talet var langt meir underhaldande. Sakleg debatt er vel og bra. Men Jonas og Erna er ikkje berre saklege. Dei er dønn kjedelege. Takke meg til Gro og Kåre. Der var det temperatur og nerve. Fordummande var desse debattene heller ikkje, sjølv om det gjekk hardt for seg. Tvert om.

Historia om norsk politikk er også historia om fargeklattar, originalar, humoristar og ordkunstnarar. Sjølv var eg så heldig å få bli kjent med to som sett djupe spor etter seg, senterpartilegendene Jon Leirfall og Per Borten. Eg trefte dei fleire gongar, også heime i Hegra og på Ler. Møta med desse karane gjorde sterkt inntrykk, og har festa seg i minnet for godt. Dei var ikkje av dei enklaste intervjuobjekta eg har vore borti. Utallige sidesprang og historier gjorde samtalen både lang og mangfaldig. Det var berre å lytte, lære og notere etter beste evne.

Slike politikarar er det ikkje plass til på arenaen i dag. Vi får heller ikkje sjå nye utgåver av Bent Røiseland, Jon Lyng eller Trygve Bratteli. A4-formatet krev andre eigenskapar og annan veremåte. Den som skal til Arendal kan ikkje slå konjakken direkte i kaffen. Å skilje seg ut er livsfarleg.

Eg benkar meg snart framfor fjernsynsapparatet. Fryktar det verste. Håpar på det beste. Eit bilete av Sul-toppane får stå som symbol på vidsynet og den frie tanken, og illustrere denne epistelen.

#Valg2017 #politikk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s