Grått og vått – men livet smiler

Eg har eit avslappa forhold til vermeldinga. Meteorologane tek svært ofte feil. Difor var eg ikkje det minste overraska da eg i dag tidleg vakna, dro frå gardina og såg eit fjellandskap innhylla i skodde. Regna gjorde det også. 

Det som skulle vere ei godvershelg på Tæla, fekk ikkje den starten eg hadde håpa på. Men altså; eg er ikkje overraska. Meteorologi er ein lite eksakt vitenskap.

Eg residerer for meg sjølv oppe på Tæla denne helga, som starta allereie torsdag kveld. Eg kom opp i skyminga. Ei skikkeleg regnflo gjorde at eg vart klaskvåt – og vel så det.

Men det er så rart med det. Når det sedvanlege installeringsritualet er over, smiler livet. Det slår aldri feil. Fyr i omnen, tørre klede, radio og noko godt å bite i gjer underverk. I slike stunder saknar eg ingenting. 

No er det fredag formiddag. Skodda ser ut til å vere på retur, og regnet har gjeve seg. Borte i Fossafjellet går tre sauer, lukkeleg uvitande om den lagnaden som truleg ventar. 

Kanskje blir det ein tur seinare ut på dagen. Vêrgudane, som verken eg eller dei høgt utdanna spåmennene og -kvinnene rår med, får bestemme. Det skal bli ein prima dag. Uansett. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s