Eit undervurdert fjell

Storfjellet sett frå hytta.

I dag vart det tur til Storfjellet. Blant dei fjella eg kan nå på rimeleg vis med ein dagstur frå hytta, er Storfjellet ein av favorittane. Turen blir på om lag ei mil, og belønninga for å ha nådd toppen er eit fantastisk rundskue.

867 meter over havet er kanskje ikkje all verda. I nabolaget sitt har Storfjellet majestetar som ragar mykje høgare. Sultoppane, Trollhøtta, Botnfjellet, Blånebba og alle dei andre. Jada, dei er staute, høge og ranke. Men kanskje litt karravorne. Eg held meg til Storfjellet. 

Trafikken er ikkje stor her oppe. I dette terrenget er sjansen for å treffe folk minimal. Du har herlegdomen for deg sjølv. Storfjellet er undervurdert som turmål. Det gjeld både sommar og vinter. Dei færraste veit nok at her er skiterrenget aldeles førsteklasses.

På kvenndalssida er Storfjellet ugjestmildt og vilt. I desse urene var det at ein jeger omkom hausten 1929. Han mista heljarna, og sklei utfor stupet. Sivert E. Holten vart fira ned i ufsene for å hente den omkomne. Ei bragd.

Kanskje kastar denne hendinga skugge over Storfjellet den dag i dag? For min del kan eg hugse at det første eg lærte om Storfjellet ikkje var korleis ein kjem seg dit, men at dette fjellet hadde krevd eit liv.

Frå tælasida, derimot, er Storfjellet inga stor utfordring. Du får eit par hundre høgdemeter i fanget den siste kilometeren opp frå Veltret, men terrenget er lettgått og trygt. Det er berre å ta tida til hjelp og nyte utsikta.

Det er kveld, og eg sitt i hytta for meg sjølv. Dagen vart storveges. Eg tenkjer på dei fire rypene eg skremde opp like før toppen. Kanskje spekulerar dei no på kva for ein kar det var dette, som kom så brått på denne praktfulle septemberlaurdagen…

Utsikt frå Storfjellet. Ytre del av Kvenndalen til høgre. I midten Middagshaugen med Fintenkjarplassen,og til venstre ein del av Tæla. Du kan skimte stølen med hytta, der desse linene er forfatta. 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s