Eit strømlaust liv

«Hytter uten strøm» heiter ei gruppe på Facebook. Dette er eit triveleg forum å delta i for oss som har hytte litt utanfor allfarveg.

Millionpalass i store hyttefelt kan sikkert ha sin sjarm. Men Mette og eg ville ikkje ha bytta med nokon. Etter at vi tok til å klikke oss rundt på «Hytter uten strøm», har vi oppdaga at det er mange som dyrkar hyttelivet på same måte som oss. Vi les om folk som sett pris på det enkle og jordnære, og vi ser at det finst andre slitarar som ber tunge bører i fleire bratte kilometer før dei er framme ved sitt paradis.

«Tælastuå» oppe på Kvennbøtæla har verken strøm, innlagt vatn eller veg. Hytta ligg 2,5 kilometer og 300 høgdemeter unna næraste parkeringsplass. Ein einaste nabo har vi. For å finne ut om han er heime må vi bruke kikkert.

Det har vorte nokre arbeidsøkter opp gjennom åra. Men aller mest har hyttelivet oppe på Tæla handla om glede, trivsel og livskvalitet. Å kome fram i skyminga ein fredagskveld, vrenge av seg sekken og låse opp døra… Tenne lys. Fyre opp i omnen. Hente vatn. Nei, det finst ikkje mykje her i livet som er likare.

Da vi tok over «Tælastuå» for 25 år sidan måtte det gjerast ein del restaurering. Residensen var også spartansk innreidd. Men sakte men sikkert har det vorte bygd stein på stein. Tre helikoptertransportar med utstyr. Utallige turar med blytung sekk. Ein spikar her. Ei fjøl der. Enkelt har vi det framleis – hytta er tross alt bygd av material frå eit gammalt seterfjøs. Men for oss er ho det beste som finst. Her trivst vi.

No er det haust og kveldane er mørke. Det er godt å vere to om å kjenne på denne spesielle stemninga. Men som den eremitten eg av og til kan vere, finn eg også ein eigen fred i å sitte for meg sjølv ved hyttevinduet og mørkne ned saman med naturen. Eg saknar ikkje elektrisk lys i slike stunder.

Vi har det godt, vi som har hytte utan strøm.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s