Hyttesesongen på hell

Seks og ein halv månad har gått sidan hyttesesongen starta. No er den straks over. Tida går fort. Denne helga er den siste vi har i lag på hytta dette året. Så har eg planar om å stele meg eit par friminutt til for meg sjølv her oppe, før hytta vert stengt for vinteren.

Eg hugsar første turen i år. Eg sleit meg opp liene i iskald vind og på eit skiføre som slett ikkje var av det beste slaget. Frå nordviksida skulle Gunnar kome opp med scooter, fullasta med proviant og utstyr. Ville han greie det? Eller sette føret ein stoppar for transporten? Spenninga var stor. Da eg runda uthuset vart ho utløyst. Alt var på plass. Gunnar hadde overvunne både sørpeføre, regn og vind.

Så har sesongen gått sin gang på sedvanleg vis. Vi har måla litt, dreve vedarbeid, gått turar og kosa oss. Eit ukomplisert liv, fylt av glede og fellesskap.

Medan eg skriv desse linene kjem mørket og legg seg som eit mjukt teppe over Tæla. Ute susar vinden. Inne fyrer vi i omnen, tenner lys og let haustkvelden kome til oss.

Vi har så mange gode Tæla-minne å ta med inn i mørketida. Desse skal vi leve på, inntil vårsola i bakkane atter blenkjer.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s