«Jul på Nordmøre» for 82. gong

Medan dei fleste vel knapt har tenkt på å starte med juleførebuingane, er eg allereie så godt som ferdig med ei av dei aller viktigaste oppgåvene som skal vere i hamn før jul. «Jul på Nordmøre» årgang 82 er berre eit par korrekturrundar unna å bli sendt til trykking.

Eg har vore med i skriftstyret sidan 2011. Dette er andre året eg sit med redaktøransvaret. Eg trur og håpar at 2017-utgåva av «Jul på Nordmøre» vil falle i smak. Nokre av bidragsytarane er lesarane godt kjent med frå før. Så har vi i skriftstyret samstundes lagt vekt på å finne fram til skribentar som kan gje heftet fornying. Bergljot Hals har som vanleg teikna framsida. Ho har gjort eit framifrå arbeid. Du verden kor fint det vart!

Eit julehefte som dette blir ikkje til av seg sjøl. Vi var ikkje komne lenger enn til juni/juli da eg første gong sette meg ned og tok dei første telefonane til potensielle bidragsytarar. Sidan har det gått slag i slag. Så å seie alle eg har spurt sa ja til å vere med på denne dugnaden. Det er triveleg å halde på når ein møter så mykje velvilje.

Reidunn Halle og Karin Ormbostad har stått på og fått annonsane på plass. Som lesarane sikkert legg merke til, er det svært mange annonsørar som går att frå år til år. Ein stor takk til både annonsørar, skribentar og – ikkje minst – Åge Fossum ved Mediahuset på Sunndalsøra.

Ein triveleg «seremoni» knytta til arbeidet med «Jul på Nordmøre» er pakkinga. Den går føre seg i ungdomshuset i Møstavågen, og vert leia av veteranen Toralf Saltkjelvik. Toralf styrer det heile med stø hand. Han har ei liste som viser kor mange eksemplar dei enkelte utsalspunkta skal ha. Eg trur Toralf hadde klart seg godt utan denne lista. Han har det meste i hovudet!

Salstala dei siste åra viser at «Jul på Nordmøre» er ein tradisjon som sit djupt rotfesta blant folk i både bygd og by. Om nokre veker vil heftet vere i handelen. 

#Jul #Julpånordmøre #Julehefte

2 kommentarer om “«Jul på Nordmøre» for 82. gong

  1. Jeg ønsker å få kjøpt Jul på Nordmøre 2017
    Hadde satt stor pris på om dere kunne ha sendt meg et eksemplar. blad og faktura kan sendes til:
    Mvh
    Fred Arve Holm
    Odins vei 1
    1344 Haslum

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s