Sistkveld på hytta

Det er sistkveld i Tælastuå. Omslutta av tett haustmørke nyt eg årets avslutningskveld på hytta heilt for meg sjølv. Ute snør det. Tæla tek vinterkåpa på.

Sju og og ein halv månad har gått sidan den første turen i mars. Sesongen har vore framifrå. Vi tek med oss mange gode minne inn i vinteren.

Det dårlege vêret gjorde at motivasjonen til å ta laust på tur ikkje var heilt på topp i dag tidleg. Mildt press frå Mette vart avgjerande. «Eg veit at du har lyst og gler deg til ein kveld på hytta. Du må dra,» sa mi kloke kone.

Så vart det tur. Marsjen opp liene gjekk lett, og framme på stølen kjente eg så vel at dette var godt for kropp og sjel.

No er det radio, kryssord og fyr i omnen. Betre enn dette kan ikkje ein laurdagskveld sist i oktober bli.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s