Streiftog gjennom hyttesesongen

Sju og ein halv månad varte hyttesesongen oppe på Tæla i år. Hytteboka viser 63 epistlar. Eg skriv ein for kvar dag eg er på hytta.

Dette blogginnlegget er eit streiftog i tekst og bilete gjennom ein lang og triveleg sesong. Med unntak av nokre få, er bileta tekne med mobiltelefon.

Første turen opp liene gjekk 14. mars. Bileta under viser korleis forholda var på denne bistre dagen.

Frå nordviksida kom Gunnar med scooter. Eg var spent på om transporten let seg gjennomføre på sørpeføret. Skodde og regn var det også. Men, som eg har fortalt tidlegare, gjekk alt godt. Da eg runda uthusnova var det eit svært så gledeleg syn som møtte meg.

Påska kom seint i år. Men ho kom godt. Det vart ei makalaus fjellpåske, der vi også feira rund dag for fruen av Tælastuå 1. påskedag. Tradisjonen tru var det folksomt på Tæla denne dagen, så det vart ein storveges gebursdag. Jubilanten hadde baka kake, og fleira av gjestane tok med noko å bite i til kaffen.

Skiføret heldt seg godt i tida etter påske, og siste helga i april viste både terreng og føre seg frå si beste side. Biletet skildrar korleis det kan vere å ete laurdagsfrokost på verandaen oppe på Tæla. Betre start på dagen er det ikkje muleg å få.

Denne flotte dagen gjekk turen til Fossafjellet for underteikna sitt vedkomande…,

… før vi tok årets første tur til Fintenkjarplassen på søndag.​

Tradisjonen tru hadde vi også denne sommaren ei ferieveke på Tæla. Tidleg i juli dro vi til fjells, og det vart ei eit minnerikt opphald, Det er godt å ha så god tid. Vi fylte som vanleg dagane med turar, litt arbeid og hyttekos. Ikkje alle utflukter treng å vere så lange. Nokre gongar held det med ei lita vandring langs Fossåa.

Heilt fritt for besøk var det ikkje gjennom veka. Mellom dei som stakk innom, var Ingebjørg. Damene slo seg laus med eit glas vin.

Det er så mange minne å velje mellom. Notata i hytteboka og bileta som er tekne, fortel om mykje fint ver. Her ligg Fossafjellet og stølen bada i kveldssol. Det er fantastisk å sitte i hytteveggen og nyte livet i slike stunder.

Medan den eine ser på naturen, er den andre ivrig oppteken med strikking. Det er viktig å halde på med noko som det er «gagn ti».

Eit av dei prosjekta som måtte gjennomførast denne sommaren, var måling av verveggen. 29. juli tok vi laus på oppgåva. Medan den utålmodige  grovarbeidaren og slarken fotograferar, gjer den nøyaktige målarinna dei siste finjusteringane på verket.

Fossåa er Tæla sitt smykke. Vi er glade for at det er så kort veg frå hytta og ned til den vesle fjellelva. Fossåa er ikkje berre fin å sjå og høyre på. Her nede hentar vi vatn, her badar vi, og på berga borte ved fossen sit vi ofte og nyt god mat og drikke – eller berre solar oss.

Foto: Ole Magne Ansnes.

 

Ei storhending som høyrer med i dette streiftoget, er besøket til broder Ole Magne. Han kom opp med platespelar og eit lass med plater i sekken. Det vart musikk ute på verandaen til langt ut i dei små timar. Eg og Ole Magne har spela mykje musikk i lag opp gjennom åra. Men sjeldan har vi kosa oss slik som denne vakre sommarnatta oppe på Tæla.

Etter sommar kjem haust. Eit høgdepunkt for meg denne hausten vart turen til Storfjellet 2. september. På ein utruleg flott verdag besteig eg det som etter mi meining er eit undervurdert fjell. Altfor få besøker Storfjellet. Hit er det fint å gå, sommar som vinter.

Utsikta frå Storfjellet er prektig. Til høgre på biletet ser vi ytre del av Kvenndalen, og til venstre for ryggen midt på biletet, som er Middagshaugen, ligg Tæla. Lengst bak skimtar vi fjella på Tustna.

Sakte startar landskapet på reisa mot vinterdvalen. 30. september såg det slik ut på stølen.

Når mørket sig på, er det koseleg inne i Tælastuå. Eg tykkjer denne skåpen fortener å kome på internett. Den er laga av Tønnes Kvendbø, og har hengt på plassen sin sidan eg bar han opp Gardsbrona ein mørk haustkveld midt på 90-talet.

Så var det slutt for i år. Fredag 3. november gjorde eg den siste vendingen opp til fjellparadiset vårt. Enno var føret greit, og turen gjekk lett. Men snart bit vinteren seg fast. Nokre mørke månadar framover skal vi leve på minnene og bere biletet av Tæla inni oss, før Fossåa og landskapet rundt atter ein gong vaknar til liv.

Ein evig syklus. Livet si rytme.

2 kommentarer om “Streiftog gjennom hyttesesongen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s