Mørketid – og snart på flyttefot

Bud. Her går det an å vere for ein landkrabbe.

 

November går over i desember. Haust blir til vinter. Vi er inne i den mørkaste tida av året.

Eg høyrer til dei som set pris på desse vekene før og etter solsnu. Korte dagar og lange kveldar får folk til å – eg skulle til å seie – oppføre seg som folk. Livet fell til ro. Vi er ikkje så travle og rastlause. Mangelen på lys og varmegrader set grenser for kor mykje ein kan rekke over i løpet av dagen.

Eg skriv desse linene til akkompagnement av Terje Rypdal. «To be continued» heiter plata, som kom ut for 36 år sidan. Ho datt ned i postkassa her om dagen – i CD-format. Eg kjøper framleis plater. Litt vinyl no og da, men mest CD. Det handlar om nitti prosent glede og ti prosent trass. CD-plata har vore dømt nord og ned i mange år no. Men formatet held framleis stand. Eg trur på ein renessanse om ikkje lenge. Det gjeld berre å halde ut.

Her ser eg ein parallell til papiravisa. Eg hugsar tida da den som ikkje spådde ein snarleg død for nyheiter på papir vart idiotforklart. Eg trudde aldri på desse spådommane – og fekk rett. Papiravisa er mykje meir seigliva enn kva dei digitale, dresskledde apekattene som sprang rundt for nokre år sidan rekna med. Sjølv om den digitale utviklinga går sin gang, er papiret framleis grunnmuren i den norske avisøkonomien.

Tilbake til mørketida og Terje Rypdal. Haust- og vinterkveldane gjev mykje rom for å høyre på musikk. Rypdal har vore med meg heilt sidan byrjinga av 70-talet. Ein konsert på Tingvoll gymnas i 1972, der eg til overmål fekk vere med og bere instrumenta til gruppa ut i bilen deira, tente elden. Sidan har det vorte mange konsertar og plater. Terje Rypdal er ein tidlaus toneskapar. Han er mykje større ute i den internasjonale musikkverda enn kva folk flest nok er klar over.

Tida går fort. Ved årsskiftet har vi budd fem år i Elnesvågen. Over 200.000 kilometer til og frå jobb på Sunndalsøra er tilbakelagt. Heldigvis er eg slik konstruert at eg opplever bilkøyring som rekreasjon. Da reknar eg ikkje med episoden i dag tidleg, da eg unngjekk ein hjort med nokre få centimeters klaring. Men til vanleg er desse bilturane ei rutine som eg trivst med. Mange dagar er turen ei rein naturoppleving. Og på radioen er det alltid noko fornuftig å låne øyret til.

No har det seg slik at det heller ikkje blir særleg meir enn fem år i Elnesvågen. Rett over jul flyttar vi til Bud, heimbygda til Mette. Det er ein makalaus fin plass, med mange trivelege menneske. Dei seier til og med «kjøle», slik som surnadalingane. Planen har heile tida vore å ende opp der. Eg ser fram til å bli budist med ein d og utan h. Vi er privilegerte, som har hus med utsikt til Hustadvika og hytte i Trollheimen. Sterke kontrastar gjev livet farge og meining.

Plata med Terje Rypdal tonar ut. Da sett eg og punktum. Men kvelden er ung. Det blir meir musikk. Etter ei dose med krevjande jazz, passar det godt med Santana. «Borboletta» er eit meisterverk frå 1974, som står seg godt. Kanskje må eg også ein tur innom nettavisa og sjekke at den er oppdatert. Nettet lever sitt eige liv. Døgnet rundt. Året rundt.

#Bud #Fræna #Advent

Terje Rypdal blir med til Bud.

En kommentar om “Mørketid – og snart på flyttefot

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s