
Eg er ikkje så ofte sint. Kanskje er dette ein god eigenskap. Eg er ikkje sikker. Av og til hadde det truleg gjort seg å vere litt meir krakilsk. Men eg er nok ikkje slik konstruert.
Dette er ei lita historie om ei hending da eg faktisk heldt på å bli verkeleg sint. Illsint, for å seie det rett ut. Og ikkje nok med det: Det var nummeret før eg dreit meg skikkeleg ut.
Det skjedde på tur heim frå jobb ein sein ettermiddag for ikkje lenge sidan. Eg køyrde pent og roleg (ja, det er heilt sant), og lytta som vanleg til P2. Idet eg kom inn i 40-sona i Eidsvåg vart eg forbikøyrd. Ein svart bil kom bakfrå som skoten ut av ein kanon, og pressa seg akkurat inn mellom meg og eit vogntog som kom imot oss.
Idyllen var broten. Ja, eg kjende at sinnet verkeleg hogg tak i meg.
I ein brøkdel av eit sekund bestemte eg meg: Den jyplingen der skal eg ha tak i. Eg skal gje han (sjølsagt måtte det vere ein han) ei preike som han aldri før har høyrd. Eit minne for livet. Varige traumer.
Eg la etter, og ga meir eller mindre blaffen i fartshumpene (kanskje ikkje så lurt, med to ferske prikkar på sertifikatet). Om eg så måtte køyre bil heile kvelden, skulle eg ha tak i villmannen.
Eg hadde så vidt starta førebuinga av einetalen, da den svarte bilen brått svinga ned til venstre mot Nesset Kraft. Det gjorde meg ikkje mindre opphissa: Akkurat ja. Han skulle berre nokre hundre meter av stad. Ei vanvittig forbikøyring for å spare inn fem sekund. Idiot!
Det bar ned til venstre, og deretter brått til høgre. Ved ein garasje stoppa bilen. Eg tok ein for form mental sats. No har eg han!
Ut av bilen stupa (ja, det er rette ordet) ein person med ei veske under armen. Ikkje ein jypling med capsen bak fram, som eg hadde forestilt meg. Nei, ein godt vaksen mann, som såg ut til å ha det usedvanleg travelt. Eg heldt meg inne i bilen, køyrde ti meter til og fekk raskt forklaringa på hastverket. Dette var brannstasjonen, og det var full utrykking. Mannen som eg hadde tenkt å konfirmere, var ein brannmann!
Det vart ingen einetale. Overhøvlinga måtte avlysast. I staden la eg meg på hjul bak brannbilen, for å finne ut kor det brann. Men eg såg verken røyk eller eld nokon stad, og snudde. Ingenting ville liksom klaffe. Det var nok best å kome seg heim.
Desse minutta i Eidsvåg er ikkje blant mine mest stolte.
Men eg unngjekk å drite meg ut.
Og det skal gå lenge før eg blir sint igjen.