Tankar og tal ved årsskiftet

Bud, med utsikt mot Bjørnsund. Her kan ein landkrabbe trivast.

 

1. januar er berre ein dato, og alderen din er kun eit tal. Likevel, åra går. Ved eit årsskifte blir det uvilkårleg til at ein stoppar opp. Ser litt tilbake. Vender blikket motsett veg, og ser framover. Korleis blir det nye året?

For meg er kortversjonen av 2017 at det var eit bra år. Mykje trivsel og lite dramatikk passar meg bra. Så får det stå sin prøve at hausten vart i overkant travel. Litt meir fritid hadde gjort seg. På den andre sida: Det er godt å kjenne at ein gammal skrott og ein velbruka hjerne framleis heng med også i avissamanheng. Aura Avis leverte eit godt resultat i 2017. Vi lagar verdas beste avis for Sunndal og Tingvoll.

I skrivande stund er det meste av 2018 upløygd mark. Eg håpar og trur på mange gode dagar. Om få veker flyttar vi til Bud. Det ser eg verkeleg fram til. I si nye loftstue kan landkrabben frå Kvennbø sitte og sjå utover Hustadvika. Det grensar nesten til det eksotiske. Da eg og Mette starta på vår reise saman, hadde vi Bud som mål. No er vi der!

Ei anna storhending kjem i same rennet. 1. februar køyrer eg og broder Ole Magne til Drammen for å oppleve Procol Harum. Nokon vil kanskje seie at dette er ekstremsport for spesielt interesserte. Det kan eg forstå. Men etter å ha levd med musikken til gruppa i meir enn 45 år, fann vi ut at dette var ein sjanse vi ikkje kunne la gå frå oss. Gary Brooker, mannen med pianoet og den magiske stemma, fyller 73 dette året. Heller ikkje han er ei evigheitsmaskin. Sjølv om han altså har heldt gruppa gang i over femti år.

For mitt vedkomande blir dette konsert nummer fire med Procol Harum. Den første var i Trondheim i 1975. Også da var eg saman med Ole Magne, i tillegg til Bjarne Holten. Konserten gjorde eit sterkt og varig inntrykk. Av meir kuriøse innslag på turen hugsar eg at Bjarne prøvekøyrde ein Datsun på Vormstad (heldigvis var det ikkje fartskontroll), og at vi i køa på veg inn i Studentersamfundet kom i prat med ein kar frå Viggja som skulle heim og kastrere smågrisar etter konserten. Ja, det er mangt som dett ned i hovudet når ein let tankane flyge.

Som eg innleidde med, er alderen kun eit tal. Likevel er det altså slik at eg fyller 62 dette året. Fødselsattesten lyg ikkje. Eg kan bli pensjonist – om eg vil. Sjølv om det ikkje er aktuelt å gå av med det aller første, kjenner eg likevel at det å vite at 62-talet dukkar opp rundt neste sving tvingar fram nye tankar om tilværet og framtida. Ein ny fase av livet står for døra.

Så lenge livet er til å leve med, skal ein ikkje klage. Snart blir eg buaværing, og litt lenger fram i tid startar ein ny Tæla-sesong. Eg konkluderer med at det meste er på stell ved inngangen til 2018.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s