Var Kankkonen nedi med handa?

Veikko Kankkonen.

 

Eg er klar for mitt 16. vinter-OL. Det første, leikane i Squaw Valley i 1960, må meg innrømme at eg ikkje har noko minne om – eg var berre fire år den gongen. Innsbruck-OL fire år seinare, derimot, sit som spikra i skolten den dag i dag. Hovedgrunnen er nok at vi på det tidspunktet hadde fått fjernsyn i huset. For ein sportsinteressert åtteåring gjorde sendingane eit voldsomt og varig inntrykk. Skirenn og skøyteløp rett inn i stua, dag etter dag. Det var ikkje til å tru.

Det var langt mellom fjernsynsapparata den gongen. Mange kom difor på besøk for å få med seg overføringane frå Innsbruck. Spesielt folksamt var det den søndagen hopprennet i den store bakken gjekk av stabelen. Det fanst ikkje ein ledig stol i stua. Og det var altså her vi skulle få oppleve det som i mange år etterpå vart ein «snakkis»: Var veikko Kankkonen nedi med handa i det andre hoppet?

Dommarane meinte både og. Kankkonen vart trekt såpass i stil at Toralf Engan sikra seg seieren. Men han vart ikkje straffa nok til at Torgeir Brandtzæg kunne rykke opp frå bronse til sølv. Dermed vart det same trioen som tok medaljene i begge bakkane. I normalbakken vann Kankkonen framfor Engan og Brandtzæg. I den store bakken vart altså rekkjefølga Engan, Kankkonen og Brandtzæg.

I 1964 vart en enno hoppa tre omgangar, med dei to beste hoppa som teljande. Det høyrer med til historia at Kankkonen i det tredje hoppet presterte eit «skikkeleg» fall – slik at ingen av dommarane hadde noko å tvile på. Finnen vart altså sølvvinnar med eitt og eit halvt fall denne dagen, om ein kan seie det på den måten.

Ein liten hoppkuriositet til: I Innsbruck deltok ein svært lovande kar med namnet Bjørn Wirkola. Han klarte ein 16. plass i normalbakken. Det mange sikkert har gløymt, er at altaværingen i 1964-OL også sikra seg ein 11. plass i kombinert. To år einare skreiv Wirkola skihistorie med to gull under VM i Oslo. Da hadde han lagt langrensskiene på hylla, og tre omgangar hadde vorte til to.

Som langt meir enn gjennomsnitteg interessert i sport, har følgd kvart eit OL tett. Det einaste unntaket er Torino-leikane i 2006, da eg mesteparten av tida oppheldt meg på Sri Lanka. I hotellbaren hadde dei ein TV, der det vart vist korte glimt, så eg heldt meg da oppdatert på eit vis. Lokalbefolkninga skjøna ikkje så mykje av det dei såg. Men dei var både imponerte og skremde over øvingar som hopp og utfor. Aller mest fascinert var dei likevel over at damene deltok i OL!

Det er mange minne å sjå tilbake på. Tredobbelt norsk på 5000 meter skøyter i 1964 var stort. Eg hugsar gleda over Fred Anton Maier sin 5000-seier i Grenoble i 1968, og sjølvsagt 10000-meteren same år, da svensken Johnny Höglin sneik seg inn framfor Maier og sikra seg gullet. Det var ein nedtur!

Under Sapporo-OL i 1972 måtte ein stå opp grytidleg, og vel så det, for å få med seg sendingane. Ein morgon slo vi på fjernsynet for å sjå Erik Håker ta gull i storslalåm. Spenninga varte i 53 sekund, før oppdalingen la seg pent over på sida og sklei ut av løypa. Det var berre å kome seg på skulen…

Om det har med alder å gjere, eller om andre årsakar spelar inn, veit eg ikkje. Men det er i alle fall mykje lettare  å hugse det som hendte på 60- og 70-talet, enn det som har skjedd i meir moderne tid. Eg har sjølsagt fått med meg bragdene til Dæhlie, Bjørgen, Bjørndalen og alle dei andre store heltane. Men medaljer og plasseringar flyt saman. Google og andre oppslagsverk må til. Kanskje verkar det også inn at det er så mange fleire øvingar no for tida. I gamle dager gjekk langrennsløparane på herresida tre individuelle konkurransar pluss stafett. Damene hadde berre 5- og 10-kilometer, samt stafetten.

Om kort tid brakar det laus i Pyeongchang. Det er mykje å sjå fram til. Men glansen og magien frå Innsbruck i 1964 kjem aldri tilbake. Til det har vi vorte altfor blaserte. På 60-talet kunne ein gå i mange veker og sjå fram til eit hopprenn eller eit skøyteløp på TV. I dag rullar sporten over skjermen alle helgar – ja, døgnet rundt, om ein vil. Dermed er også litt av høgtida rundt OL og andre store meisterskap borte.

Var Kankkonen nedi med handa? Berre unntaksvis får vi slike diskusjonar i dag. Moderne fjernsynsproduksjon, med alle sine kamera, gjev oss som regel svaret. Imponerande, ja. Men på eit eller anna vis har også noko gått tapt.

Likevel: Eg seier over til Pyeongchang. Det bli stas!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s