Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen

Ei investering som skulle kome til å bety mykje.

 

Når Procol Harum spelar i Drammen 1. februar, vil det vere to kvennbøgardingar i salen. Underteikna og broder Ole Magne er på musikalsk pilegrimsferd. 43 år etter at vi første gong opplevde Procol Harum i Studentersamfundet i Trondheim, skal vi kjenne på felles røter og leve ut den interessa som alltid, og meir enn nok anna, har knytta oss saman. På kvart vårt vis har vi fylt livet med musikk. Dei første stega inn i denne verda tok vi saman.

«A whiter shade of pale» med Procol Harum er ein av verdas mest spelte songar. Songen vart ein kjempehit da den kom ut i 1967. Ja, så stor var suksessen, at Procol Harum aldri seinare skulle greie å gje ut noko som kom i nærheita av «A whiter shade of pale» verken når det gjaldt salstal eller popularitet.

Men det betyr ikkje at Procol Harum laga berre ein melodi som er verdt å høyre på. Tvert om. Sidan 1967 har gruppa gjeve ut rundt tjue album, fulle av det eg vil kalle musikk for evigheita. Problemet er berre at så altfor få har oppdaga denne gullgruva. Vi som var så heldige at vi tok oss bryet med å kikke bak «A whiter shade of pale», fekk oss derimot «eit soundtrack for livet», som det heiter på godt norsk.

Om eg ikkje kan måle meg med samlaren Ole Magne, har eg opp gjennom åra klart å etablere ei platesamling av ein viss størrelse. Rundt eitt tusen LP- og CD-plater har det vel vorte. Nokre av desse innkjøpa sit som spikra i minnet. Den første Procol-plata kjøpte vi to brørne saman i 1971 eller 1972. Det var ei samleplate, med melodiar frå gruppa sine fire første album. Investeringa vart gjort på samvirkelaget på Skei, etter ei svært nøye vurdering. Det sto mellom fleire alternativ, og budsjettet var ikkje all verda. 45 år etterpå kan eg trygt seie at det var ein platehandel som skulle kome til å påverke meg for resten av livet.

Seinare kjøpte eg bandet sitt legendariske konsertalbum frå 1972, innspela saman med symfoniorkester og kor i Edmonton i Canada. Plata kom i posten frå England, og eg hadde gått og venta i mange veker. Men dette var midt i haustonna. Eg hadde teke meg fri frå gymnaset i nokre dagar for å gjere gardsarbeid, så pløyinga måtte gå først. Musikken fekk vente til ut på kvelden. Slik var det den gongen.

«Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra», som meisterverket heiter, er utan tvil den plata eg har spelt mest opp gjennom åra. Den dag i dag tek eg ho fram. Haustonn-eksemplaret er teke vel vare på. 20 minutter lange «In Held ‘Twas in I», heile B-sida på LP-utgåva, gjer like stort inntrykk i 2018 som for 45 år sidan. Det er alltid noko nytt å finne.

Procol Harum slo igjennom i ei tid da den nye rocke- og popmusikken var på full frammarsj. Mange av gruppene på denne tida var gitarbaserte. I Procol Harum var det tangentar og klassiske overtonar som dominerte. Dei hadde både orgel og piano i besetninga. Saman med det bluesinspirerte gitarspelet til Robin Trower, skapte Procol Harum ein «sound» som ingen gjorde dei etter.

Frå originalbesetninga er det i dag berre vokalist, pianist og komponist Gary Brooker att. Til gjengjeld sett han så sterkt eit stempel på musikken, at utskifting av musikarar aldri har trua det unike Procol-uttrykket. Gary Brooker er inne i sitt 73. år no. På imponerande vis har han heldt stemma vedlike. Eg har ein mistanke om at han har levd noko sunnare enn mange av dei som var samtidige stjerner på 60- og 70-talet. Det har alltid vore stil og standard over Gary Brooker, som i 2003 vart utnemnt til Member of the Order of the British Empire for sitt veldedige arbeid.

Etter konserten i i 1975, har eg høyrd Procol Harum live to gongar til. Eg var der både da dei gjesta Trondheim i 1976 og i 2005. Og no står altså Drammen for tur.

To aldrande pilegrimer på veg gjennom landet for å møte opphavet til ein del av sin eigen identitet. Ei andektig stund på Union Scene ventar. Det kan ikkje bli anna enn bra.

#procolharum #musikk #drammen #classicrock #rock

En kommentar om “Ei musikalsk pilegrimsreise til Drammen

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s