Det går ikkje så verst…

Bud. Hit går det an å flytte.

 

For mange år sidan, det er sikkert både tjue og tretti, sat eg på ein restaurant i Bud og inntok ein betre middag. Eg kikka ut gjennom glaset og tenkte med meg sjølv: Den som hadde fått bu her.

No viser kalenderen 2018, og eg bur faktisk i Bud. Ei lang reise, fylt av tilfeldigheiter, bevisste valg, uflaks og – aller mest – flaks, gjorde at eg frå februar dette året har adresse Robinsonmarka 26, 6430 Bud. Eg vart fræning for fem år sidan. Men Elnesvågen var aldri meint som noko anna enn ein mellomstasjon. Vi ville til Bud. I fjor dukka det opp ein sjanse som vi etter kvart innsåg at vi ikkje kunne la gå frå oss. Difor sit eg her på på det som skal bli mitt heimekontor, mellom pappkassar og uplassert inventar, og skriv denne epistelen. Sakte men sikkert blir dette husveret til ein heim. Vi gler oss over kvart eit framsteg, og skjønar allereie no at vi har gjort det beste valet som gjerast kunne.

Livet er ei merkeleg reise. Etter snart 62 år på denne planeten, har eg etter kvart forstått at det jordiske opphaldet til sjuande og sist handlar om å ta imot – ikkje å kjempe imot. Det som skjer, det skjer. Bud, heimplassen til Mette, låg der og venta på oss. Så utruleg mange har ønskt oss velkomne. Her kjem vi til å trivast. Ja, dei seier til og med «kjøle» her ute i havgapet.

Det er langt frå Kvennbø til Bud. Men etter å ha budd på fleire plassar opp gjennom åra, opplever eg at her – ute mot Hustadvika – finn landkrabben meir enn andre stadar att dei verdiane og tradisjonane som i si tid vart grunnmuren for livet og livssynet hans. Det høyrest kanskje rart ut. Men slik er det. I Bud går det an å finne seg sjølv.

Ein middag for mange år sidan. Ei ferd gjennom åra. Eit liv. Eg ser ikkje Skarfjellet, men Gulberget. Eg køyrer tolv mil kvar veg til og frå jobb på Sunndalsøra. Samstundes er det ingen som har ein flottare arbeidsveg enn eg. Veret. Lyset. Naturen. Hustadvika. Ville fjell som strekkjer seg halvannan kilometer rett opp frå sjøen. Eit eventyr kvar dag.

Og så sjølve ankerfestet for alt dette: Seterstølen oppe på Kvennbøtæla. Snart startar ein ny hyttesesong. Søget frå Fossåa og utsikta mot Sul-toppane skal fylle kropp og sjel. Kjensla av å gå i fotefara til sine eigne forfedrar gjev livet meining. Om ikkje lenge sit eg atter oppe på Fintenkjarplassen med kikkerten og kaffekoppen. 

Det går ikkje så verst akkurat no.

Stølen ventar.

2 kommentarer om “Det går ikkje så verst…

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s