Stor nedtur – stor prestasjon

10000-meteren er berre to minutt gammal, og alt ser lyst ut.

 

Etter at Marit Bjørgen og Daniel-André Tande hadde leverte varene i Holmenkollen, skulle søndagen toppast med norsk verdsmeister på skøyter i  Amsterdam. Den første på 24 år. Eg rigga meg til i stolen. Etter den fabelaktige 1500-meteren, var forspranget til Sverre Lunde Pedersen så stort at den siste mila mest var å sjå på som ein formalitet. Trudde eg.

Men når det gjeld sport, er det lett å forrekne seg. Bergenseren datt. Gull vart til sølv.

Sverre Lunde Pedersen vart snytt for tittelen. Men han vil for alltid stå som den moralske meisteren. Han tok 2. plassen i VM med fall. Og attpå til: Han slo Sven Kramer i samløp på 10000-meteren – med fall. Dette VM-sølvet er ein av dei største norske idrettsprestasjonane gjennom alle tider.

Vi som er er interessert i idrett, likar dramatikk. Men denne dagen vart det i meste laget. Sverre Lunde Pedersen var den klart beste løparen gjennom helga. Når ein utøvar mister laurbærkransen på ein måte som dette, er det berre trist. Trist for han som datt. Og siger med bismak for han som no kan kalle seg verdsmeister. Men slik er altså idretten. Som oftast rettferdig. Nokre gongar brutal og hjarteskjærande.

Ser vi bort frå at VM i Amsterdam enda i eit antiklimaks, har det vore ei fenomenal skøytehelg. Eg trudde at eit meisterskap utandørs i 2018 skulle verke avleggs. I staden vart det ei oppleving av dei sjeldne. Spenning, gode norske prestasjonar, nederlandsk folkefest og utandørsbane skapte nostalgiske bilete inne i skolten på ein gammal skøyteentusiast. Eg tenkte på meisterskapshelgene på 60- og 70-talet, da vi satt klistra til TV-skjermen og noterte rundetider. Bjørnsen og Jorsett, differansar, tal og skiftande ver- og isforhold. Det var verkeleg noko å leve seg inn i. No kom mykje av dette att. Vi fekk ein 5000-meter i plaskregn. Ville veret lette? Kva om kvikksølvet kraup eit par hakk nedover? Og kva med sola? Gamle, og ein gong viktige problemstillingar vart som nye.

Sidan Sverre Lunde Pedersen heilt sikkert kjem over fallet nokså fort, må eg også klare å riste denne opplevinga av meg. Livet går vidare. Sesongen er ikkje slutt, og om eit år kjem ein ny sjanse til å bli verdsmeister. Eg tippar Lunde Pedersen, verdas beste skøyteløpar, grip den sjansen.

#skøytevm #sport

En kommentar om “Stor nedtur – stor prestasjon

  1. Han vant i mine øyne, felte en tåre da han falt, og felte en ny en når han selv felte sine. Det var bare leit. Og jeg tror nok det vil ta en stund før det der havner litt bakover i «arkivet» sånt er litt mer ergerlig enn å glemme å kjøpe kaffe en lørdags ettermiddag 😉 Håper kvelden er god.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s