Den første turen

Ein kveld med nydelege fargar.

 

Å kome fram til hytta for første gong etter vinterdvalen er noko heilt spesielt. Laurdag 17. mars starta hyttesesongen oppe på Tæla i år. Eg gjekk den vante ruta opp liene på ski, medan Mette fekk skyss med skuterkøyrar Gunnar.

Dei kom fram ei god stund før meg, og kunne ønske ein sveitt og sliten skiløpar velkomen med oppvarma hytte og mat på bordet. All proviant og ved var kome i hus, og Gunnar var, til overmål, allereie ferdig med å restaurere ytterdøra. For ei lukke! Og heldige er vi som har denne altmulegmannen frå Todalen til å hjelpe oss. Han ordnar alt. Absolutt alt.

Siste turen i fjor gjorde eg i byrjinga av november. I tida etterpå har eg og Mette styra med våre daglege gjeremål gjennom vinteren. Tælastuå har trufast stått på plassen sin og venta, slik ho har gjort sidan ho vart bygd tidleg på femtitalet. Dei første åra var det byggmeister Peder saman med fru Ane som gjorde entre når våren til slutt vann over vinteren oppe på Tæla. Sidan 1992 har eg og mine kome opp og markert sesongstart. Så høyrer det med til historia at vi i år nok ikkje var dei aller første som kryssa stølen. Jerven hadde vore før oss. Spora viste at han hadde luska rundt på ein inspeksjonsrunde ved hytta ikkje lenge før vi kom. 

Det er høgtid over den første turen. Å kome inn i hytta og kjenne på denne stemninga og atmosfæren som du er så glad. Dei faste rituala som skal gjennomførast. Du let blikket gli over fjell og tæl, og tek atter ein gong innover deg at her – akkurat her – er det du djupast sett høyrer til.

Gunnar takka for seg, og etter kvart seig kvelden på. I det fine veret fekk vi oppleve eit fargespel av dei sjeldne, før sola gjekk til kvile bak Reinsfjellet. Så vart det spekemat med noko godt i glaset attåt – slik vi alltid gjer det første kvelden når vi er på hytta. Eit ritual, det også.

Ein solrik laurdag vart avløyst av ein heller bister søndag. Men slik er fjellet. Vi baska oss ned til dalen på skiftande føre, vel nøgde med helga og fulle av forventning til påska som ikkje er mange dagane unna.

Spekemat. Også eit ritual.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s