Langfredag

Vi lever livet sakte oppe på Tæla. Ein skitur. Eit triveleg besøk. Kos i solveggen. Mat og drikke. Radio, bok og kryssord. Slik har denne langfredagen gått.

Og den skulle ikkje ha vore annleis. Det er akkurat på dette viset vi vil ha påska, vi to i Tælastuå. Eit enkelt liv med tid til å leve. Tid til å tenke. Tid til å sjå kvarandre. Betre kan det ikkje bli.

Trass i at den eine solblanke dagen avløyser den andre, er det kaldt i Trollheimen. Termometeret viser minus ti om natta og berre nokre få plussgrader midt på dagen. Men vi lir ikkje noko naud. Vedlageret er rikeleg, og vi kler oss etter vêret.

For oss som er så gammaldagse at vi ikkje startar påska før onsdag, inneber langfredag at vi enno ikkje er komne halvvegs i påskeferien. Det har vore fine dagar så langt, og vi gler oss til dei som kjem.

Eg sett punktum for denne epistelen medan ei kveldsbleik sol sender dei siste langfredagsstrålane inn over stølen. Snart dukkar månen opp. Atter ein gong blir vi sittande ved glaset og ta magien inn over oss. Påskemagi.

En kommentar om “Langfredag

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s