Ei påske i luksus

Påskegjestar på Tæla. Ole Johan Kvendbø (t.v.) hadde med to geiter, som stortreivst i påskefjellet. Både Ole Johan og Oddvar Kvande er fast inventar på Tæla 1. påskedag.

 

Eg har feira hyttepåske oppe på Kvennbøtæla kvart år sidan 1993. Hytta er litt meir påkosta i dag enn den gongen. Men framleis dyrkar vi det enkle livet. Her er verken strøm eller vatn, og vi må gå opp bratte lier for å kome fram til hytta. Vi ligg også utanfor alt som heiter oppkøyrde løyper.

Men dette er vår luksus. Ein luksus i form av kvardagslege gleder, nærleik til naturen – og til kvarandre. Det er befriande å å kome inn i eit rom der tidsfristar og tidstjuvar ikkje eksisterer. Det er verkeleg ein luksus å få vere herre ikkje berre i eige hus, men i eige liv.

Kortspel er ein del av hyttekosen. Mette er ikkje lett å slå. 

 

Saknar du fjernsynet, spurte min beste halvdel ein kveld i påska. Ho var travelt oppteken med strikking, og eg sat konsentrert over eit kryssord. Nei, sjølsagt sakna eg ikkje fjernsynet. Og det veit eg at ho heller ikkje gjer når vi er på hytta. TV-program som vi måtte gå glipp av er aldri noko tema. Derimot har vi stor glede av radioen. Det er berikande å kunne finne ro med ein kanal der folk samtalar på sivilisert og oppysande vis, utan å heile tida verte avbrotne av «låtar». Vi har slike kanalar i Noreg – takka vere NRK-lisensen.

Påsketuristar skjærtorsdag. Mette saman med Marit og Einar Grønnes.

 

Det fer ikkje så mykje folk forbi hytta i løpet av ei påskehelg. Men besøk dukkar opp av og til. Det gjorde det også i år. Dessutan har det vorte ein tradisjon at vi held ope hus 1. påskedag. Da er vi 15 – 20 menneske som pratar, drikk kaffe og hygger oss i lag. Mange, for ikkje å seie dei fleste, kjem att år etter år. Vi som feirar påske i «Tålastuå» set umåteleg stor pris både på tradisjonen og det trivelege samveret. 

Oppe på Tæla er det enno rundt halv­an­nen me­ter med snø. Dei fi­nas­te ski­hel­ge­ne har vi framleis til gode. Så kjem vå­ren for fullt. Na­tu­ren vak­nar, og tek  grad­vis på seg som­mar­drak­ta. Det er eit even­tyr å få vere med på kvart år.

Snart ber det til fjells igjen.

Kveld på Tæla.

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s