Naturen lurte meg

Eg trudde det skulle bli sein vår i fjellet i år. Men naturen lurte meg. Eg sit for meg sjølv på hytteverandaen, og ser at i løpet av halvanna veke har det har skjedd ein revolusjon her oppe.

Da eg forlet hytta 1. mai, låg snøen meterdjup heilt inn til hytteveggen. Det var skiføre til langt ned i liene. I dag fekk eg ikkje bruk for ski. Med unntak av nokre få snøflekker her og der, var det bart heile vegen frå Kvenndalen og opp til stølen.

Innover Tæla er det framleis snø nok for den som vil ta ein skitur. Men held mildveret fram, vil ikkje det vare lenge.

Det følgjer ein del ritual med dette hyttelivet utanfor allfarveg. Den første fotturen om våren er eitt av desse. På stien trør eg i mine eigne fotefar frå i fjor haust. Rundt meg vaknar tre og busker, mine vener, til liv. Fjella, som sakte ristar av seg vinterkåpa, seier god dag. Møtet med alt dette som eg kjenner så vel, gjer alltid inntrykk. Eg har vorte eitt år eldre. Men naturen er den same.

Frå verandaen ser eg Fossåa, som endeleg har fått fridomen sin tilbake etter månadar under snø og is. No briskar ho seg med vårsøg og skummande vatn i kåte kast på ferda mot fjorden.

Sola ser ut til å takke for seg. Eg hentar jakke, sitteunderlag og pleddet som Mette har strikka. Aldri i verda om eg går inn no. Kvelden er ung. Livet skal nytast. Eg seier som Olav Thon: Gjer dine gleder enkle.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s