Fotball-VM i 52 år – og eit minne om Eusebio

Det blir VM-fotball i fire veker.

Det er 52 år sidan eg følgde med på mitt første fotball-VM. England vann til slutt, men min store helt vart Eusebio frå Portugal.

I åra etter 1966  har eg fått med meg det meste frå alle fotball-VM. Heltar har kome og gått. Men for meg kan ingen kan måle seg med Eusebio. Han gjorde eit uutsletteleg inntrykk på ein fotballinteressert tiåring.

Fotball-VM i England sit spikra i minnet den dag i dag. For ein som ikkje gjorde anna enn å sparke fotball heile sommaren, var det ei nesten ubegripeleg hending å få servert ein heil meisterskap på TV. Fotballkamp kvar kveld i fleire veker var uvant kost på den tida. Eg hugsar at slåttonna gjekk lett. Alle tankar var retta mot kvelden og kampen som vi skulle sjå. Middagspausen vart bruka til å klippe ut alle avisreportasjene frå England, og til å ajourføre resultata i kampoppsettet, som var klipt ut frå Adresseavisen.

Det var i grunnen mange stjerner å velje mellom i denne meisterskapen. Tyskland hadde legendariske Franz Beckenbauer (eg trudde lenge han var ein back som heitte Bauer) og Uwe Seeler. England sitt lag romma spelarar som brørne Charlton, Bobby Moore og Gordon Banks – for å ha nemnt nokre.

Men Eusebio vart min mann. Han dribla og skaut, og ikkje så reint sjeldan hamna ballen i mål. Han vart toppscorar under VM i 1966. Fleire fotballinteresserte enn meg hugsar nok kvartfinalen mot Nord-Korea, da Eusebio avgjorde kampen nesten åleine. Nord-Korea sjokkåpna og leia 3-0 over Portugal etter 22 minutt. Det var krise for oss som heldt med portugisarane. Men så kom Eusebio. Måljegeren sette inn fire fulltreffarar på rad, før lagkompisen Augusto, den lynraske vingen, sørga for at sluttresultatet vart 5-3.

Semifinalen vart derimot eit trist kapittel for Eusebio. Portugal måtte gje tapt for England, og Eusebio forlet banen gråtande. Det gjorde eit voldsomt inntrykk. I 1966 gret ikkje vaksne menn i utrengsmål – og i alle fall ikkje på TV.

Når sommarkveldane no atter vert fylt med fotball, er det artig å tenke attende på den store meisterskapen i 1966. England-VM var gjennombrotet for TV-fotballen her til lands. Bilda flimra forbi i svart/kvitt, og overføringane var sjølvsagt mykje meir primitive enn i dag. Den såkalla ekspertkommentatoren var ikkje oppfunnen, og sendingane varte akkurat like lenge som kampen. Ingen intervju, ingen kommentarar og ingen gjester i studio.

Men for fotballgale guttungar var det heile ein sensasjon – eit innblikk i ei verd som vi på førehand knapt hadde forestilt oss at vi nokon gong skulle få ta del i. Etter at TV-overføringa frå England var slutt, bar det ut på den lokale fotballarenaen, gardstunet, for å praktisere kunstene vi hadde lært. Den som stod i mål var Gordon Banks. Ein eller annan fekk æra av å leike fartsfantomet Augusto, og håpefulle talent utan fart i kroppen spela Jackie Charlton. Overmennesket Eusebio heldt vi oss unna – av ærefrykt. Der gjekk det ei grense.

Eusebio, som eigentleg kom frå Mosambik, døydde i 2014. Han fekk aldri oppleve å bli verdsmeister. Eg held som vanleg med Portugal også i år, men innser for at sjansane for at dei skal vinne er heller små. Det får bli som det blir. Minnet om Eusebio og om ein uforgløymeleg fotballsommar må eg likevel heidre kvart fjerde år.

#fotball #VM

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s