Tankar frå ein fersk buaværing

Mykje fint å kvile blikket på i Bud.

Eg har jobb på Sunndalsøra, hytte på ein seterstøl i Trollheimen og hus og heim i Bud. For ein halvgammal kvennbøgarding byr livet på mykje variasjon og store kontrastar.

I snart fem månadar har eg vore buaværing. Om det går an å kjenne seg heime ein stad etter så kort tid, er det akkurat det eg gjer. Når eg på veg heim frå arbeid om kvelden passerer Tornes og ser toppen av Gulberget i det fjerne, er det  som om det skjer noko i bringa.Tenk å ha ein slik plass å fare til!

Bud har alltid fascinert meg. Det er den finaste staden på Romsdalskysten. At eg i godt vaksen skulle ende opp her, heilt ute på svaberga mot Hustadvika, er eit resultat av mange samantreff. Men slik er livet. Om det er ein plan attom det vi held på med, er ikkje denne så god å få auge på. Alt synes å skje tilfeldig. Det gjeld å gripe dei sjansane som byr seg.

Eg er ein landkrabbe. Kanskje nettopp difor er det eg kan bli sittande i timevis i loftstua og sjå på havet – dette mektige elementet som eg eigentleg ikkje kan noko med. Men synet bergtek. Lyset med sine brå skiftingar. Bølgjene. Båtane – enten det no er små fiskeskøyter, hurtigruta eller enorme turistskip med fleire tusen passasjerar om bord som passerer. Det vert jamnt turar med kameraet etter kyststien.

Kvennbø, der eg vaks opp, er ei lita grend tufta på bondekulturen. Fiskeværet Bud har ei heilt anna historie. Likevel har eg meir enn ein gong vorte overraska over kor sterkt mange av dei verdiane og tradisjonane som eg fekk med meg heimanfrå, også pregar folket og kulturen her ute. Forklaringa er vel ikkje meir komplisert enn at bonden og fiskaren historisk sett har mykje til felles, sjølv om deira kamp for føda i praktisk arbeid har arta seg forskjellig.

Eg opplever mykje samhald og god patriotisme i Bud. Eit jordnært folk stiller opp for kvarandre og lokalsamfunnet. Når blomstrande, lokale musikkrefter byr på adventskonsert er kyrkja full. Her trekkjer ein korpsbasar fleire hundre menneske ein laurdag ettermiddag. Utruleg! Og når Haraldr Hov Bjellvåg på museet arrangerer værvandring, møter folk mannjamnt opp.

Innfødde buaværingar opplever alt dette som sjølsagt. For meg som innflyttar blir slike ting teikn på kvalitet og identitet. Det er ikkje alle bygder som har det på denne måten. Langt ifrå. Folket i Bud har mykje å ta vare på. Det kjennest utruleg greit å vere ein av dei.

Avstanden mellom svaberga og seterstølen var, i overført tyding, mykje kortare enn eg trudde.

Eit turistskip dukka opp…
Kveldstur utom landa. Her er grunnen til heile greia: Mette.

En kommentar om “Tankar frå ein fersk buaværing

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s