Frå Hafella til Sentrum Scene

Konserten er slutt, og publikum får lov til å fotografere.

Nyleg fekk eg oppleve legenda Robert Fripp og bandet hans King Crimson på Sentrum Scene i Oslo. For meg starta eigentleg denne turen i kårstua på garden Hafella i Tingvoll hausten 1972.

Her, i ein avkrok ved Stølvatnet, residerte ein av mine musikkinteresserte gymnaskompisar. I dag er han professor. I skulemiljøet utmerka han seg med å køyre rundt på ein trømoped som var tapetsert med klistremerke frå Senterungdommen. Dessutan var håret så langt at han måtte bruke ei spenne for å halde sveisen på plass.

På kåret sitt hadde denne karen ein Tandberg bandopptakar med mykje spennande musikk. Det vart nokre lange kveldar på Hafella. Den komande professoren tok meg inn i verda til grupper som King Crimson, The Nice og Colosseum, samt moderne jazz. Gjennom livet har eg bruka mykje tid på å utforske ny musikk. Dei finaste skattane er ikkje dei som ligg oppe i dagen. Spiren til utforskartrongen vart sådd i det gamle huset på Hafella.

Gymnastida handla for mitt vedkomande svært mykje om musikk. Vi var ein gjeng som diskuterte musikk, krangla om musikk, lytta til musikk og kjøpte plater. Engelske musikkaviser, som regel kjøpt i Kristiansund, var obligatorisk lektyre. Summen av alt dette vart at vi lærte mykje – også av kvarandre. Tida i lag med musikknerdane på Tingvoll har prega meg i all ettertid.

Å kjøpe plater var for øvrig ikkje nokon spøk for ungdommar med knappe budsjett først på 70-talet. Den gongen kosta ei LP-plate like mykje som seks – sju middagar på Vidsyn. Til samanlikning kostar i 2018 ei vinylplate og ein kafeteriamiddag omtrent like mykje.

King Crimson ga ut si første plate, «In the Court of the Crimson King» i 1969. Sidan har det vorte ein imponerande produksjon, spreidd over seks tiår. Musikarar har kome og gått, men Robert Fripp, som no er 72 år gammal, har halde det heile saman. Den musikalske stilen har opp gjennom åra vore skiftande. Men sett ein seg inn i Robert Fripp sitt univers, er det samstundes ikkje vanskeleg å finne ein raud tråd i denne eigenarta miksen av rock, jazz og samtidsmusikk.

Eg tok tak i trådenden i 1972, og har sidan heldt fast på han. Konserten i Oslo, saman med Ole Magne og Bjarne, vart ei sterk oppleving på meir enn eitt plan. Der og da satt eg fjetra av eit åtte mann stort ensemble som leverte prestasjonar i verdsklasse. Samstundes gjekk tankane tilbake til kåret på Hafella, og alt det som desse kveldane ved bandopptakaren skulle resultere i.

Ved sida av meg hadde eg to eidsbyggar som og har gjort sine musikalske reiser. Vi starta på same plassen, og dro ut i musikkverda kvar for oss. Sidan har våre vegar kryssa kvarandre titt og ofte.

Kameratskap. Samhald. Felles trådar mellom fortid og notid. Ein stor kveld.

#kingcrimson #musikk #tingvoll

2 kommentarer om “Frå Hafella til Sentrum Scene

  1. Ja det var tider det.Har fremdeles mine LP plater kjøpt på postordre fra det store utland- via nevnte proffessor👍Janis Joplin,Cat Stevens,Procol Harum ,Neil Young for å nevne noen.

    Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s